Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
FRED
1 157
Heialandsvatne ulte Lomen sitt varslande Rop. Og
framande Fuglar ein aldri fekk sjaa, høyrdest med sine
høge, rædde Rop ut i Holmar og Heidar.
Var det dømde Aandir som maatte flakke so? —
og varsle um Daude og Dom med Draugerop i
svevn-tunge Nætar?
Men desse store svarte Fuglane som flaug so tungt
og tagde so sturt ... det laut vera Sjælir som ikkje
hadde kunna rive seg lause fraa det jordiske.
Mam-monsdyrkarar som vart revste med dette endelause
Kav, og laut vasse um i Myr og Fæn og draga til
Reirs Makk og Mold og Lyng og Straa og alt det
Skrap som til var, liksom dei aldri hadde fengi nok
av jordiske Ting her i Live. Kannhende alle Fuglane
var Aandir? Heluna, som sat so aaleine og pipta paa
Lyngtuva si . . . det kunde vera ei Sjæl som hadde
svarma paa Jordi i Elskhugs Synd, og no laut svive
her i Einsemd og Fredløyse for di ho hadde gjort eit
Menneskje so reint til Avgud. Men Vibune kunde vera
Mødrar som hadde elska Borni sine for mykje, og som
no laut flakse um til Domedag og skrike og graate for
desse Eggi som Smaagutane tok ifraa deim. — Tull.
Det var minst fyri naar Helvite ikkje var heitare!
Verre, verre fekk dei nok svide, alle Jordtrælar og
Avgudsdyrkarar . . .
Soli var nede. Ein lang Eldhale laag etter henne i
Nord. I Vest laag spreidde blaae Kveldskyir og kvilte,
faste og klaare som Øyar i det grønljose Himilhav.
Yvi Heidane i Sud steig ei lett, graa Tökehildring.
Daa kveiktest laagt i Sudaust eit einslegt raudt Ljos.
Det gløste fram gjenom Skysløre dauvt og stivt som
eit sjukt Auga.
Ei Biodstjerne! — Krig; Pest; ein uforvarande, hastig
og bratt Død . . . Gud vere oss naadig i Jesu Namn!
Enok skunda seg heim. Fredlaus, fredlaus ute som
inne . . .
Fæn: Morads. Det var minst fyri: ,,det var ingen Sag".
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>