- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred. Læraren. Den burtkomne Faderen. Heimkomin Son /
158

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

158

FRED

XXIII.

Det var ein Dag utpaa Hausten; dei baka paa Hove.
Det dura gjenom Huse av rullande Kjevle yvi det
breide Baksteborde.

Enok stod i Kjellaren og knadde. So kom det B6d
fraa Uppstad, at ho Legde-Guri vilde tala med han.
Ho laag i Banen, vart det sagt, og livde kannhende
ikkje til Kvelden.

Gunnar laut aat Knadtroge; Enok tok paa seg og
gjekk.

— Guri laag svært klen. Det aaleitte henne aa
røde; stundom var ho i Heröta.

Enok sette seg attmed Omnkraabenken der ho laag,
og tala Gudord med henne; vart verande der heile
Nons-ykti. Folke paa Uppstad slagta den Dagen, so
dei hadde ikkje Stundir til aa vera inne.

Det gamle laage Rome var halvmyrkt i slikt tungt
Ver. Ein Sur-Tev fyllte det, so der lite var inne
verande. I Veggir og Növir taut Sunnanvinden med
si linde Jamring. Rundt Huse høyrdest Skravl av
Kraake og Skjor, som hadde samla seg til
Slagte-Gjestebod.

— „Om jeg end vandrer gjenom Dødens Skygger,
da er du dog mit Hjertes Klippe og min Del
evindeleg," trøysta Enok. „No maa du tenkja paa Stjerna
i Østerland ... at den kann faa leida deg dit der
Badne er."

„Aa ja", sukka eit lite pipande, mest kviskrande
Mæle.

-—- — „Og so skal me beda, Guri.

’Naar Øinene briste, og Synet forgaar,
naar Øret ei længer at høre formaar,
naar Tangen ei kan tale mer,
og Hjertet af Angst forferdet er:

aa leite: anstrenge. Her ote: Ørske. Surt ev: ufrisk Luft.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0168.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free