Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
FRED
1 103
paa Armen ei Gjente. Um det ikkje hadde vori vondt
aa faa alt det innprikka i Skinne? — Ikkje noko vidare.
Det gjekk smaatt med Samroda. Gunnar torde kje
koma for braadt innpaa Maalemne sitt. og Carolus
vreid seg for aa segja Sanningi. Ufysi var der i
Fante-stogo au, svart og stygt og fullt av Bos og Rusk;
Ungane var nærsokne og utukta, og ho Gunhild, Möri,
gjekk og vabba og vavra og var full; Gunnar fekk
Carolus med seg. og dei fylgdest uppetter Marki eit
Stykke.
Daa tok Carolus til aa fortelja um kor fælt det var
aa vera til Sjøs. Dei hadde drøymt um det „frie Hav",
dei; men der var mykje meir Tvang paa Sjøen enn
nokon Stad paa Land, ja meir enn paa sjølve Hove.
Og no var han komin heim for godt; vilde begjeva
Sjøen. I Byn skulde han faa Arbeid paa ei Sjøbu;
det var mykje likare. Av all Magt vilde han raade
Gunnar au til aa gjeva Sjøen upp; nokon Plass hadde
han kje kunna finne aat han heller.
Gunnar vart kald og flat. So lengi som han hadde
tenkt paa dette, og gledt seg til det–-. Kva skulde
han no finne paa?
„Var eg som du, Gunnar," sagde Carolus, „so vilde
eg til Byn og gje meg i Snikkarlære. Eller staa paa
Krambu, um du likar betre det. Daa fær du baade
Fridom og gode Dagar, naar du er utlærd; og um
nokre Aar kann du tena so mykje Pengar, at ein tenar
kje so mykje til Sjøs i all si Tid. Naar ein ikkje vert
Kaftein, daa; men det vert Landsfolk aldri."
Det maatte Gunnar gange med. Til Avskil fekk han
ein Fallekniv av Carolus, ein med Massingskaft og
Korkdragar og tri Blad ; det trøysta ’n noko.
Og han tok til aa tenkje paa Krambui. Det skulde
nok vera gildt aa staa der; og so kunde han koma til
Sjøs sidan, kannhende. Men so var det han Far. Aa
faa Lov av honom, naar det var noko ein vilde — uff.
Den som var fullvaksin! —
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>