- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred. Læraren. Den burtkomne Faderen. Heimkomin Son /
165

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

FRED

1 165

sagde endaa ein Gong: „eg kann skyna at det er du
som er uppvaksin med Fantane." Daa lo dei andre
so han vart reint bljug. Og som dei stundom skjemta
med Kvinnfolki baade i Aatferd og Ord, det var so
han visste kje kor han skulde gjera av seg. Skulde
det au vera Folkeskikk?

Ein Sundag vaaga han seg ned til Heialand paa ei
Dansemoro. Men danse kunde han ikkje, og vart
gangande der for seg sjølv. Ingin brydde seg um han,
og ingin kom han i Drøs med; han kjende seg reint
som eit Utskot, eller ein Utbygding. 1 ei Kvilestund
millom Dansane vart han reint ille ute. Det var ho
Olina hans Per — som og var framsloppi i Haust —;
ho sette seg til aa gjera Narr av han. Hermde etter
„hjaa han Enok", naar dei heldt Bøn; „alltid naar
ein gjeng framum Vindaugo hans Enok, so er det ei
Remjing som i eit Fjos naar Kjyrne vil ha Mat: æ—,
æ—, æ—, remjar dei; og e—, e—, e—, piptar han
Gunnar, ha-ha; og so ligg dei paa Kne! — difor maa
dei gaa med Skinnbuksur, so dei ikkje skal slita for
snart Hol paa Knéi; hi-hi-hi!" — Gunnar stiltra seg
ut; gjekk heim i fullt Sinne. Aldri skulde han tenkje
paa henne Olina meir! Han vilde mykje heller ha
henne Justina Haaland, um det ei skulde vera. Aa
nei; ikkje henne heller. Ho hadde vori so kaut daa
dei var hjaa Presten sist; gjorde seg so til for Son
hans Napolon Storbrekke, at det var ei Skam; ingi
vilde han hava; han gav deim F . . . Dægeren alle
ihop, gjorde han.

Den einaste som var snild var i Grunnen ho Maren,
Gjenta; og ho heldt med han i det, at Gards-Ungdomen
var fælt stor paa det. I Skumingane naar ho Maren
mjølka og han gav Büje, rødde dei jamt saman, desse
tvo, mest um Giftegreidur og slikt; og Gunnar tok til
aa like dette.

Ho Maren var streng. Aldri hadde ho havt
Hjaa-svæve, endaa so mange som hadde freista aa faa henne

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0175.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free