Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
166
FRED
til, og aldri skulde det koma slik Skam yvi henne
heller. Det var fælt for den som fekk Lausbarn. „Ser
du kje han Helmik Heialand, Son aat Enkja; han gjeng
reint som eit Utskot han; ingin vil ha noko med han.
Og han tarv kje tenkja paa aa faa gifta seg, han; nan
er reint utskjemd. Og det berre av di han fekk den
Lausungen for eit Par Aar sidan." Gunnar visste det,
og fælte. Det var reint som der fylgde noko stygt
med han Helmik; og han skydde Folk det beste han
kunde au. „Og for Gjentune kann du vita det er
endaa verre!"
„At det ikkje vert fleire Lausungar," undrast Gunnar,
„slik som dei fér aat ofte!"
„Du kann so segja," sagde Maren tankefull. Ho
hadde eit mjukt, slørt Mæle og tala stilt, men med
døyvd Eld; Andlite var kjøtfullt og rundt, Panna lita
og trong, Munnen frisk, Tennane kvite og store. „Eg
hev nok vori med paa mangt, eg au. Men korleis dei
steller seg og korleis dei fer aat, so kann du skyna
dei hev daa det Vite."
„Ja men korleis gjer dei daa?" spurde Gunnar, ustø
i Mæle.
„Aa, dei greider det."
Han spurde og spurde, men ho var stø; vilde ingin
Ting segja.
Ein Kveld spurde Maren um ho ikkje skulde lære
han aa danse; det kunde nok lata seg gjera, meinte
ho; paa Laaven; um Sundagen i Kveldyktine. Han
vart bleik og svara Ja; og det kom ei ikkje god Tid
for han Gunnar.
— Ut mot Jol vart det Føre; Gunnar var med Far sin
i Myri og køyrde Torv. Det var kaldt, so det rein i
Nasane, og tungt og mødt aa vabbe i Snø og Vind.
Himilen hekk full av Snøskyir; Lufti var graa og daud,
og alt var tilfrosi. Gunnar gjekk og skugra og fraus
i Snøvind og Sno med Augo svidande av Torvmø og
Kalde. Han fekk kje Fred til aa tenkje paa Gjentur
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>