Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
FRED
1 167
dessmeir; gjekk berre og harma seg paa han Far, som
alltid skulde ut i det verste Vere.
Minst lika han seg, naar dei var i Myri og lesste.
Jamt stod han og ræddast at han Far kunde taka til
med Blidlæte sitt, eller koma med desse Fyriteljingane
um aa halde Daapspakti. Eller med dei gamle
Spurs-maali um Jesus; um han elska Jesus; um han hadde
bedi til Gud i Dag; uff. Kvar Gong dei hadde lesst
og kunde gange kvar til sin Øyk att var han so glad,
at han totte han drog Anden mykje lettare.
Men han skyna at Far hans gjekk og brygde paa
eitkvart; og sistpaa kom det.
„— — Eg undrast riktigt paa, kva du gjeng og
tenkjer paa um Dagane, Gunnar. Kunde du ikkje finna
paa aa segja meg det? —- — Hm?"
„Hm." Gunnar vart raud. Han Far skulde daa vel
ikkje vita noko um dette med henne Maren . . .
„–Ja det er kje som daa eg var litin," sukka
Enok. „Eg hugsar so godt —. Far min var ikkje just
den som snakka for mykje; og me Ungane gjekk og
fann paa alle dei Ting me upp kunde tenkja til aa faa
han i Drøs. Og naar me daa fekk han til aa snakka
med oss litegrand, so var me so glade som Fuglar.
Men du vil kje snakka med Far din, du, um han so
bed deg um det."
Gunnar visste seg ingi Raad. Kva skulde han vel
snakke med Far sin um? Aa koma med anna enn
Gudsord nytta ikkje; det visste han. Ofte nok hadde
han fengi høyrt at me skulde gjera Rekneskap for
kvart unyttigt Ord; og ofte nok hadde han harma seg,
naar alt han sagde eller spurde um vart vrengt av i
Gudsord og Hendesløyse.
„No er du framsloppin og vaksin Kar," tok Enok
i att. „So du skulde kje vera so reint baanskjen heller
no. Du skulde ha Framtankar, du som all Ungdom.
Du hev nok Garden; men det hadde eg au; og endaa
Hendesløyse: Vas; Tull.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>