Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
170
FRED
XXV.
Gunnar fekk Plass i Byn.
Enok kom nok i Tankar um at det var gali; — lata
Guten faa fylgje si kjøtelege Lyst; kaste han midt
ut-i Verdi med all Freisting og Daaring, so ung som
han enno var; slengje han beint i Gape paa Leviatan . . .
Men han kunde kje brjote sitt Ord. Gunnar vilde tru
det var Rangvilje.
Han hadde vori so snild au i denne Tidi, at det
hadde vori Uraad aa gjera han imot. Det var nok
vondt aa sjaa at han so gjerne vilde heimanfraa;
men det var ikkje annarleis med Borni; dei hadde kje
betre Vit. Mor hans studde uppunder. Ho trudde
Gunnar hadde vondt av aa gange heime no. „I mange
Maatar," lagde ho til med eit sers Tonelag. Enok saag
paa henne; — nei; Anna visste kje noko. Men ymist
kunde det vera; slike Gutungar tenkte kje langt; og
um den Jaala, ho Maren, kunde ha sett seg i Hovude
aa bli Kone paa Hove ein Gong–
Enok tagna. Hugsa sin eigin Ungdom; inginting aa
lite paa. Best aa faa Guten av Garde.
Men daa Gunnar vel var burte, fekk Enok ei vond
Rid. No hadde han endaa ein Gong synda med Vilje.
Gunnar hadde vorti Avguden hans paa nytt.
Og i Guds Ord stod det tydeleg: „Thi synde vi
med Vilje efter at have annammet Sandhedens
Erkjendelse, da er der ikke Offer mere tilbage for
Synden" . . .
Lars Nordbraut maatte brüka all si Magt til aa faa
han i Logn. Men rett som det var gjekk han og sturde
og stirde att, og det var like ille. -
— Det sette kom; det var Gjente, og Enok saag
eit vondt Teikn i det au. „Og so vert me so mange;
kor skal der koma Mat ifraa til so mange Munnar?"
klynka han. Anna var sjukleg og veik; Slit for Bringa
og vondt i Hovude; rett som det var maatte ho faa
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>