Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
FRED
1 171
Fante-Gunhild hit til aa koppe seg; det au tok Enok
tungsamt. „Det er eg som hev øydelagt deg," sagde
han. „Kona mi hev eg drepi; Son min hev eg sendt den
Vonde i Vald; so kann me kje undrast paa, at Gud
snur meg Ryggen!"
Jensens Lesebok vart innførd, endaa han røysta imot;
der og hadde Gud vanda hans Arbeid. Sjeldnare og
sjeldnare vart det hans Meiningar som gjekk igjenom i
Heradsstyre, totte han. Og det store Verke han hadde
drøymt um, dette med Fantane, vende seg meir og meir
til Spott og Skam. Tomas brüka Huse sitt berre til
Vinterhi; um Sumaren flakka dei mest som fyrr; men
naar dei var heime, var der ein Ulivnad med Drykk
og Slaasting og Uliklegdom, so det var fælt aa tenkje
paa at ein hadde vori med aa draga denne
Styggedomen inn-yvi Bygdi. Det var som det laag Vaaben yvi
alt han tok seg fyri.
Med Garden gjekk det til atters Aar for Aar, totte han.
Ikkje agta han alt som han skulde lenger, og ikkje var
Gud med. Og Anna var sjukleg, so ho kunde kje
heller sjaa ettersom fyrr. Guds Straff, Guds Straff; det
bar paa Kassa med deim; um nokre Aar var dei paa
Bygdi . . .
Han kunde tulle slik stundom, at ho Anna beintfram
maatte skjelle paa han. Og stundom var det som dette
hjelpte. —
— Det gjekk eit Par Aar paa denne Maaten, upp og
ned, upp og ned. I lange tunge Bylgjedrag som Have
der ute.
Naar Enok hadde sine gode Tidir var han modig;
han braut upp Jord; bygde nytt Fjos; kaupte Garden
hans Rasmiss Skare til Sumarstøl; fann paa alt og var
med paa alt; „yrkjesame og iduge Born vilde Gud
hava" ; „med Verksemd skulde me døyva Djevelen".
Stundom vart han vel modig. Han hadde Ridir daa
han kaupte mest alt han saag; i Staden for Köla
skulde dei no hava Parafinlampe; ein ny Omn kom han
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>