- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred. Læraren. Den burtkomne Faderen. Heimkomin Son /
172

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

172

FRED

heim med ifraa Byn, ein med tri Høgdir og Dør, og
med Ilegge inne; ja han kaupte seg Karjol; og gav
seg til aa byte Øykir og Kyr; det var som han ikkje
rett kunde styre seg lenger.

Det var mange Auksjonar no utetter; Banken kom
og tok Gardane fraa Folk; Lensmannen panta og selde
for Skatten; süme gjorde Auksjon sjølve og reiste til
Amerika; — Enok var med allstad. Og kom heim att
ined alskyns Rap og Skrap, ofte den reine Hendesløysa;
„hadde fengi det so billegt". Verst var det den Vaaren
daa Møller paa Myre rauk. Daa gjekk Enok paa
Auksjonen i tvo Dagar; kom so heimatt med ei heil
Langkjerre full av Skrap: Kinnemaskin, Saarnaskin,
Hakkmaskin, alle Slag rare Greidur til eit „rasjonelt
Hagebruk" . . . Ho Anna gløymde seg og spurde: „nei
men kva vil du no med alt dette, Enok?" Han stod
eit Bil og stirde paa det; so skjekkte han med Munnen
og smikka med Fingrane. „Det er Tull alt ihop, alt
ihop, alt ihop!" — Ho laut trøyste han det beste ho
kunde.

Men naar dei vonde Tidine kom gav han reint upp.
Han var fordømd og fortapt og vasa um Helvite og
um Fatigkassa. Alle underlege Ting fann han paa,
og gali vart alt; den eine Dagen hadde han „kasta
Gunnar ut paa Verdens Hav til ei Aate for Hinmannen";
den andre Dagen var det Gud som vilde „frelsa Gunnar
fraa Far hans" ; „han saag at eg øydelagde han, baade
til Likam og Sjæl; og so maatte han ta han ifraa meg".
Stundom var det Gunnar som hadde vori so vitug;
„vitug Kar! han saag det gjekk gali med meg; Gud
hadde forbanna meg; best aa halda seg burte; so kom
daa kje han paa Bygdi!"

Eit Folkesnakk som ho Fante-Gunhild kom med ein
Gong: at han Gunnar skulde vera komin uppi det med
eit Kvinnfolk, gjorde Enok hovdalaus for ei lang Stund.
„Vaabøni ligg yvi heile mitt Hus; Gud vil forderva og
forkasta heile Ætti . . . straffa mine Misgjerningar paa

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0182.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free