- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred. Læraren. Den burtkomne Faderen. Heimkomin Son /
175

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

FRED

1 175

rein og blaa som eit Vatn. Folk vaaga seg ut; kasta
Saatur og breidde Høy; kunde hende det heldt upp
ut til Nons um ikkje meir . . . Men dei gamle riste
paa Hovude. Soli var altfor raud, og altfor ufriskt
heit; dogglaus Mark spaadde kje heller godt; der var
lite aa vone. Og utpaa Morgonen dotta det seg til
med Smaaskyir her og der. Skyhagar drog upp i
Sudaust og Sør; Smaaskyine vart større og samla seg;
det myrkna i Fjelli og svartna til Havs; Soli kava og
kava, men døyvdest ned ... „Aa Gud! lat di Aasyn
lysa for oss!" ropa Enok mot Himilen, der han endaa
leita etter ei blaa Strime.

Men blekkblaae Sky-Hav breidde seg paa alle Kantar;
Soli gav upp og gøymde seg. Dei fyrste tunge
Dropane fall som vonlause Taarir. Folk kasta seg i Høye
paa Helse og Liv; reiv det ihop i hivande Hast;
halv-roti, halvraatt i Saatur med det; so blenkte det upp
med Ljon; yvi Hovudi paa deim ramla det laust med
Smell yvi Smell, og Regne sturta og strøymde. Vaate
som Kraakur laut dei berre sjaa aa koma i Hus og
faa skifte Klæde; ingin skulde ha set slikt.

Men Høye vart standande i sine Saatur til det var
svart. Og Paddur og Frosk bygde seg Reir der, og
livde godt og fekk Sønir og Døtrar. Ein sur Snik av
rotnande Høy breidde seg yvi Lande som ei Uhyggje;
men den Engi som stod, regnde ned og rotna paa
Stuven; Aakeren like eins. Dei gildaste Aakerflekkine
laut dei slaa og brüka upp til Grønfor.

Enok gjekk som innestengd millom mange Vatn, elt
av ein Otte han ikkje raadde med. Dei siste Tidir
var i Kjømdi. Det myrkna og svartna; Lufti fyltest
med Vatn og Eld; Himilen stengdest; Soli fekk kje
gjeva sitt Skin; Heimsens Orden snudde seg og
vildrast. Gud hadde gloymt Pakti med Noa og vilde
drukne Verdi endaa ein Gong. Det var ikkje for
ingin-ting det hadde vori so mykje Havbrak i Vinter, og so
mange rædde, rapande Stjernur.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0185.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free