- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred. Læraren. Den burtkomne Faderen. Heimkomin Son /
176

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

176

FRED

Han laag i svarte Nætar og skalv, naar Tora skangra
yvi Mønsaasane og Regne fossa. Flaumen steig og
steig. Snart naadde han Husmurane; so steig han
endaa meir og reiv oss alle burt; ut i sin skavlande
gule Foss, ut, ut i det brusande Have.

Ei Natt skræmdest han reint.

Det skimta og glødde upp fraa alle Himilens Hyrno
med Eld; Eld som Svaavel og Eld som Blod, og Eld
som svingande kvite Kerubsverd. Og Tora rulla og
ramla som Domedagar. Braut ut i Brak og Skot og
mest som Skrik, himlende ville Angestskrik, — at no
brast Kvelven! Alen stundom var det som ho velte
seg etter sjølve Jordi, i Skåk og Hopp som eit
rullande Fjell, eller vassande, svassande som gjenom vide
Sjøar. Og Skimt i Skimt, Skrell i Skrell; og Regne
sturta og trafsa med eit Brak som av Hestetraav;
Lufti eit hyljande Hav av Regn; Himil og Jord grét
seg saman i Angest yvi dei Rædslur som koma skulde.

„Kors i Jesu Namn!" „Kors i Jesu Namn!" stunde
Anna og Enok innunder Dyna si; sitspaa kom det
eit Brak so Jordi sokk — „Herre Jesus!!" Enok
skreik, fumla seg upp or Sengi som etter Hjelp; kvit
var han som eit Lik; det lukta Svaavel; Verdi
for-gjekst . . . „Fyrstikkur er i Skaape!" ropa Anna; han
fekk i Ljos; fann Johan Arndt; kasta seg paa sine
berre Kne; las Bøni „mod Frygt for den yderste Dag";
og det ramla og rumla rundt alle Himlar som Verdi
var i Uppløysning.

Han dirra i Mæle; Ljose blekkte i dei brennkvasse
Ljonglim. Og Enok kjende Golve gjeva seg under
Knéi hans naar dei sværaste Slagi kom, harde og tunge
som Sprengsmellar.

Det gav seg noko, men kveiktest uppatt; fyrst ut
mot Morgonen vart det meir rolegt. Men endaa brumla
og brulta det rundt ikring. Som eit jamt, døyvt, alltid
paa nytt vaknande og framveltande Mummel av Guds
svære Vreide.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0186.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free