Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
FRED
1 177
Daa Enok kom ut om Morgonen, saag han ei fæl
Syn.
Haare reiste seg paa Hovude hans; han vart
standande som nömin, miste Magti yvi seg sjølv: so nær
hadde Gud vori oss i Natt. Fotefar etter den Herre
Sebaot like utanfor Døri.
Tora hadde slegi ned. Den gamle Selja stod svidd
og svart med brotin Topp; Greinine var avrivne
nedetter heile den eine Sida.
Ødelæggelsens Vederstyggelighed, Ødelæggelsens
Vederstyggelighed . . .
So hadde Ljone gjort eit Hopp fraa Trée ned-aat
Marki; hadde kasta ned Gjerde, bora Hol i Jordi, fari
lenger burt og gjort eit nytt Hol; og slik burtigjenom,
Hol etter Hol, mindre og mindre; Jordi upprivi og
upprota som av eit skræmelegt, rasande
Kjempe-Villsvin.
Han var so stygg daa han kom farande inn att, so
graagrøn i Andlite og so forvend i Augo, at ho Anna
reint skreik upp: „kva er det, Enok?!"
— „Domen, Domen," sagde han haast; „Domen" . . .
XXVI.
Lange Tidir var lidne, og forunderlege og syrgjefulle
var Verdens Umvandlingar; baade Fante-Tomas og
Carolus var komne paa Fantestigen att.
Det var ei Gjente som hadde forført han Carolus.
Ho heitte Katrine og var Dotter av Finne-Barbro.
Denne Gjenta hadde Carolus raaka heime i
Ramstad-heidi; og ho hadde „forlikt" seg i han. Sidan hadde
Kvinnfolki gjevi Guten Elskhugsdrykk; og fraa den
Dagen av var det ule med Carolus Magnus.
Ho drog han burt fraa Arbeide alt i eitt. Oftare
og oftare var han med henne paa Ferdine hennar.
Snart viste det seg, at ho bar noko under Belte som
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>