Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
FRED
179
stod der tom og kald og full av sorgsame Minne. Slog
so Fylgje med Carolus, som rimelegt var. „Ja Verden
er innful," sa han Fante-Tomas.
Det gjekk elles godt, so lengi ho Finne-Barbro livde.
Ho kunde i mange Maatar vera som ei Kone for
Tomas, ho. Og so hadde ho slikt eit flytendes Talent,
at ho kunde føde heile Flokken. Iser forstod ho seg
paa Summing. Naar dei var paa avbakslege Stadir
inn-i Fjordane eller tilfjells, kunde ho tena baade Mat
og Skillingar med aa lesa yvi eit Barn eller gjera aat
for Mod-sott; mang ein god Kjøtknok og mangt eit godt
gamalt Plagg fekk ho au for aa spaa i Kort, eller naar
ho viste giftegalne Gjentur dei Mennane dei skulde
faa, og kva ho elles dreiv for Smaakunstir. Men so
vilde Gud i sin uransakelege Visdom, at ho au skulde
døy; og etter den Dagen vart det svært ubeint. Ein
kunde ikkje koma fram utan Kjering paa Fantestigen
heller.
Ho var glup ho Katrine au, Kona hans Carolus.
Ho kunde süme Kunstir etter Mor si som ho brüka
naar Høve kunde vera; det var i det heile ei bra
Kjering, so lengi ho ikkje var full. Men Flokken var
for stor, og Tidine var tronge.
Mannfolki dugde til inginting. Han Tomas var for
langt uti Aari; Fingrane var kje so mjuke lenger, og
Augo ikkje so gløgge; til Finarbeid var han inkje tess,
og det andre gav so lite av seg. Og Carolus hadde
lært reint for lite av Fantekunstir. Han gjorde Ferdir
til einslege Bygdir stundom og heldt Uppbyggelsar;
daa kunde han tena litegrand. Men ein vart so snart
kjend.
Fante-Tomas laut selja Plagg etter Plagg baade for
seg og Borni, so han kunde faa til Kaffi og Töbakk;
det meste av Arbeidsvelden hans for same Vegen.
Snart gjekk han rundt i Bygdine og „saag verre ut
enn ein Svenske". Og tente dei noko ein Gong, so
Summing: Trolling.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>