- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred. Læraren. Den burtkomne Faderen. Heimkomin Son /
180

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

180

FRED

bar det til næraste Byen med deim ; og daa livde dei
godt med Mat og Brennevin, til dess dei ikkje hadde
att anna enn det dei gjekk og stod i.

Dei heldt seg mest nedetter Strilelande og paa
Stavangerkanten; lenger aust nytta det mindre med
baade Uppbyggelsar og Summing. Og allstad minka
det med den gamle Trui paa at Fantane kunde trolle;
Folk lærde so mykje no. Daa dei vanka jamt paa dei
same Stadine, vart Folk leide av deim au; og der vart
stødt mindre aa faa med Tigging. Svært ofte laut dei
liggje med Natti i Løur og Uthus; men i kalde Tidir
var det ufysi nok aa leggje seg med halvvaate Klæde
i Høy eller Halm, og fælt vondt aa rise uppatt, naar
der ikkje var so mykje aa faa som ein Kaffiskvett.
For dei torde aldri gjera Varme upp i Løo. Og
Flaska var tom berre dei var komne ei Dags-Gonge
fraa Byn.

Det vart ein sur Vinter. Snøslaps; laakt Føre;
Kald-blaastr.

Dei drog seg seint og smaatt nedetter Strilelande
med den gamle Baaten sin; laag ofte vérfaste. Langt
um lengi naadde dei Stavanger, og ho Katrine fekk
selt noko Spøt. Daa hadde dei lidi vondt so lengi at
dei totte dei laut hava seg ei skikkeleg Uppkveikjing.
Dei sumla og drakk, til dei ikkje aatte ein heil Klut
paa Kroppen meir.

So drog dei seg ut-yvi Nese i den isande Vinden
og fraus mest ihel. Og dei saag soleis ut, at Folk
var helst rædde deim. Den eine Filla svimeslog den
andre; nakne Kroppen kikka ut baade her og der;
Haartufsane dingla um Hovudi paa deim og fram-yvi
dei blaafrosne, svartgaarutte Andliti; Lusi var nok au
leid med deim, kunde ein skyna. Katrine traakla paa
seg alle dei Fillune ho kunde faa i, men kunde endaa
knapt løyne alt som løynast skulde; Litle-Else tulla
dei inn i ei gamall Mannfolkkufte med eit Tog ikring
Live. Med Tomas var det verst. Han gjekk og skugra

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0190.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free