- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred. Læraren. Den burtkomne Faderen. Heimkomin Son /
181

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

FRED

181

i ei sundflengd Nattrøye som mest ikkje hekk paa ’n
lenger; og Broki, som lite anna var enn Bot i Bot og
Hol i Hol, hekk etter ein Hyssing yvi den eine Oksli.
Av alt han hadde paa Kroppen var det berre
Sydvesten paa Hovude som var noko-so-nær heil; den
hadde han funni paa ei Fugleskræme i ein Aaker
ovanum Haugesund.

Unge Thomassen var den som heldt mest paa
Vyrdnaden sin; han hadde Hatt, og um Halsen eit
raud-rosutt Lümmaplagg av Bomull. Rar var han aa sjaa
paa no. Eit Hovud høgare enn Far sin, lang og smal
og slengin og mjuk; gjekk med Nevane i Broki og
hivde og duva som ei Baatmast i Sidesjø; øvst uppe
paa ein lang brun Hals eit ørlite Hovud som ein
Knapp. Andlite var rundt og flatt som ei
Klokkeskive, smaafregnutt, vérbarka, med ei Hud som
Pergament; paa Kjakane og ovanum Munnen sprikte eit
raudt, stridt Busteskjegg; Augo var smaae, myrke, snare,
og Skallen litin, rund, rundkvelvd, som paa eit Barn.
Fraa Far sin hadde han dei lause, listige Drag og den
braaskiftande Svipen fraa villt Løgje til heilagt,
audmjukt Skalke-Aalvor; paa det eine Kinne var eit
stort Er.

Han gjekk i ei blaa Kufte av laust, grovt Vadmaal.
Kufta var heil so nær som paa Olbogane; og so var
det denne Flengja ho hadde fengi inn-i Byn no, tvers
yvi Magen; det var Olaves Didriksen han hadde vori
i Kast med. Og det var Lage hans Olaves det: flengje
med Kniven tvers yvi Magen, og det so nett, at det
berre var so vidt Odden rispa Skinne. Katrine hadde
traakla Flengja ihop so godt ho kunde med noko brun
Ulltraad; men endaa hekk Kuftesnippane og dingla
som dei vilde dette av. Verst var det med Broki;
den var bøtt baade i Kross og i Krok, og svært
upp-trafsa nedmed Føtane.

Dei var i Ulag paa alle Maatar. Ungane gjekk og
hosta som Sauir; Gamle-Tomas hadde Rygmatisma;

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0191.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free