- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred. Læraren. Den burtkomne Faderen. Heimkomin Son /
183

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

FRED

183

^o inn-til Sonen att, ør og galin: „F. skal partera deg,
skaffar du kje Far din eit Skraa, din Skuntfakkar!"
„Hald Kjeft no, din gamle Sattan!" skreik Carolus,
„annars skal eg læra deg!" — Men i ei Kraa hadde
Gamlen funni Broki til Son sin ; den handfor han no
etter alle Saumar; fann til Slutt, paa ein utruleg Stad,
den vesle Töbakkbiten som enno var att; glefste den
aat Munnen med ein Bikkjeglefs og vilde paa Dør;
Carolus forstod Fantestykkje og treiv Far sin i Foten;
Gamlen datt framstupes so lang som han var; so bar
det til med eit Staak og ei Banning so det var kje
for Folk aa høyre paa; „stel du og, din Dævel!" —
„So du vil gjøyma Töbakkje for Far din, ditt Svin!"
— Dei laag og krabba paa Golve og saag ut som dei
vilde rive kvarandre sund; Fåren fekk Tak paa Sonen
paa ein unemneleg Stad og klembde til, so Sonen
remja; Katrine og Else lagde seg imillom med
Banning og Skrik; Huse stod paa Ende; Husmannskjeringi
kom farande inn og spurde um ho skulde hente
Lensmannen. Dei vart daa til Slutt skilde paa det
Vil-kaare, at Fåren skulde skifte Skraae i tvo og gjeva
Son sin Helvti.

Dei var meinte paa aa taka Vegen gjenom
Fjell-bygdom; i Vaadal skulde dei raake Olaves Didriksen
og hans Flokk.

Det var friskt og klaart den Dagen; og etterkvart
som dei rusla burtetter Vegen, Far og Son, i den lette,
frostblaae Vinterlufti og med kvar sin Skraastubb i
Munnen, kom dei i Godlag og Drøselag.

Gamle-Tomas var som han skulde ha fengi ein halv
Pæl, so kry og kveikt vart han av den vesle
Töbakkbiten. Han tala i Høgtidsmaal um Tidernes
Umstæn-digheitir og Livets Forargelegheit. Naar han saag
attende paa dei fordna Dar og so tenkte paa,
koss-leissen han no maatte valendere umkring her med
Husstand og Famili som ein Proppenrytter, um han
maatte brüka so stygt eit Ord, so kunde der nok

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0193.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free