Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
184
FRED
koma mange Slags Betraktelsar og Fyresviv for han,
baade um Verdens Bestyrelse og um Menniskens
Ondskap. Carolus undrast med seg sjølv paa kvar Far
hans no vilde av. „Ja den som berre visste ein
Utveg, so skulde kje eg vera sein," rettleidde han
varleg.
Dei glytte til kvarandre fraa Sida med eit
granskande Augnekast.
Gamle-Tomas heldt fram, og Hovude hans bøygde
seg og svinga paa Stylken sin:
„Eg vil ikkje rosa meg sjølv; men det kann eg
segja, at eg alltid hev halde min Veg rein og mine
Hendar frie for alt som ikkje mitt var. Eg hadde
alltid den Aspekten for meg, at du skal ikkje gjera
Herren din Gud imot, so lengi du kann sleppa. So
at no gjeng eg her for Gud i mitt ni og
halvtredsindstyvende Aar og kann trygt mana ut kvar Mann, og
det finst ikkje ein som kann svara meg eitt til tusund.
Ikkje ein er der som kann staa fram mot Tomas
Fredriksen med so mykje som det som kann liggja paa
den smale Enden av eit Spadeskaft og segja: dette hev
Tomas Fredriksen teki med Uredelegheit!"
Han glytte prøvande paa Son sin. Andlite hadde
sitt gamle løynske Lag, og Augo rengde seg
skrymt-heilage og kvite.
„— So at det maa eg segja," heldt Tomas fram i
sitt mjukaste Tonelag, „at um det skulde passera meg
noko sodant no, so vilde eg endaa vera ein betre
Mann enn baade Olaves Didriksen og vaare andre
Be-kjendterar."
Carolus Magnus sette i med ein høg, laus Laatt, —
ein glad Laatt. So sagde han: „Du hev kje stort att
for ditt ustraffelege Levnet, Far! Dei hev betre Dagar
dei som er paa Pagoen, enn me hev."
No lo Gamle-Tomas og; — ein glad Laatt. Og dei
Pago: Tukthus.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>