- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred. Læraren. Den burtkomne Faderen. Heimkomin Son /
197

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

FRED

197

Toppen av Kyrkjetaarn; laag og krabba paa høge bratte
Hustak utan Fotfeste; maatte glide, glide . . . men
gleid ikkje; eller han sat og køyrde ned-yvi svære
Brekkur som vart brattare og brattare, brattare og
brattare; sistpaa var det nakne Bergstupe djupt ned, djupt
ned . . . men ned skulde han. Eller han hadde gjort
noko vondt; hadde drepi; gjekk no og rømde for
Lensmannen; stundom var han dømd og skulde rettast;
heile Draumen gjekk ut paa at han skulde rettast;
men so kom det noko i Vegen; alltid noko i Vegen;
han stod under Galgen; stod og saag paa Bile og
Blokk; men det drog ut, drog ut; vart ei einaste lang
Daudrædsle. Ein Gong drøymde han at han var ned-i
ein vid stor Kjellar; og den Kjellaren var Helvite.
Der stod han og slagta Sauir; slog og stakk, Sau etter
Sau; men ei Rædsle var yvi han, liksom det var noko
fælslegt han gjorde. Daa han skulde sjaa seg til, var
det ikkje Sauir han hadde slagta; det var hans eigne
Born. Kropp ved Kropp laag dei burtetter Golve;
lengst burte ho Anna med den minste ved Brjoste;
Gunnar lyfte sin stive Arm som var flaadd . . . Han
jamra seg i Svevnen so ho Anna laut vekkje ’n.

Presten var der ein Gong, men kom ingin Veg.
„Thi det er umuligt; umuligt —!" Anna freista den
Raadi som hadde hjelpt so godt ein Gong fyrr: sende
Bod etter Lars Nordbraut. Men denne Gongen nytta
det mindre. Lars sat og arbeidde med Enok ei heil
Kveldykt. Lagde seg paa Kne og bad for han;
men „der er en Synd til Døden," sagde Enok, „og for
den skulle I ikke bede." „Det er ei Djevelens
Innbilning, Enok! du maa daa forstaa, at det er ei
Djevelens Innbilning, som han vil fanga deg i!" — „Thi
det er umuligt —; thi synde vi med Vilje efter at have
annammet Sandhedens Erkjendelse, da er der ikke
Offer for Synden; der er ikkje Offer, Lars!!" Enok
skreik. Lars gav seg ikkje. Han kom med alle dei
sterke Ord um Soning og Naade som fanst i Bibel og

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0207.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free