- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred. Læraren. Den burtkomne Faderen. Heimkomin Son /
199

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

FRED

199

tigga og bad til han fekk Graat i Augo. Og han ropa
til Gud for denne haardt prøvede Broder, so ho Anna
der ute grét høgt. Reiste seg sistpaa og sagde
Velsignelsen yvi han Enok. Tomt og tankelaust, berre
liksom til aa bli ferdug, lova Enok aa „bia etter
Herren" endaa ei Tid; og med dette laut Lars gange. —

— Endaa ein Gong kom Vaaren. Ein sur, blaasande
seig Vaar som aldri vilde bli Sümar. Nordvesten
taut Dag og Natt; det fraus um Pintsenatti og snødde
Jonsok-kveld; skulde Ljose ikkje vinne paa Myrkre
denne Gongen?

Enok gjekk og tutla og vavra og var mest som
burte. Underleg haalaus og viljelaus vart han; det
var Dagar daa ho Anna laut segja han fyri kva han
skulde gjera, mest som han skulde vera eit Barn.
Jamt gnaala han at han vilde døy. Det same kven
som tok han, berre han slapp burt. „So kom han
Gunnar heim, og so fekk de det godt alle." Ein vart
baade leid og yvigjevin.

„Hev du aldri tenkt paa aa snakka med Dokteren?"
spurde Anna ein Dag; han gjekk og tumla og flakka
og var so reint forkomin.

Han stod med Ryggen til henne og smikka med
Fingrane. „Dokteren?" braut det laust; „kva er det
for noko Djevlesnakk?"

..Ja eg for min Part trur no det at du er sjuk.
Kunde du faa ei Raad, so du fekk sova betre —*

„Sova? Eg tor ikkje sova. Eg tykkjer endaa eg
kann klara Djevelen paa ein Maate, naar eg er vakin."

„Men du kann daa skyna at det gjeng gale med
deg, naar du ikkje fær sova!"

Han snudde seg til henne. Andlite var tilgrott med
Skjeggestubb og stivt og forvrengt; Augo steig kvite
og harde ut av sine Hol; ingin skulde tru, at dette
var han Enok Höve.

haalaus: siø; orskin.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0209.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free