Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
FRED
201
Guds Gaavur. Det gjorde godt. Slik ein heit, djevelsk
Tanke: eg gjev Fenden i Guds Gaavur . . . aah; det
gjorde godt. Rivande godt.
Noko anna au kviknar derinne; noko endaa heitare,
endaa meir djevelskt; han vilde gjerne tenkje det; brenn
av Hug til aa tenkje det; høgt; høgt; beint upp i Augo
paa Han —; segja det, skrike det; men han torer ikkje.
Ljone kunde slaa ned. Han ser berre Tanken langt
burte; det er ein framand Tanke; ein Tanke som gjeng
laus; ei Geit, ein Tankebukk, ein Bukketanke; ein Sattan
av ein Tanke, som gjeng og hoppar og lær og sparkar
mot Himilen og gjer Faktir . . .
Enok reiser seg fraa Borde so braadt at alle kvekk.
Gjeng fram aat Spegilen og speglar seg. Skjekkjer
og grin. Jau; det er Fenden. Det er Fenden. Ingin
annan er det som stirer ut or desse Augo, og geiper
og rengjer i desse fælslege Andlitsdrag. Smikk . . .
smikk; han hastar ut. Dei høyrer han gjeng aat Bui.
Tru han skal aat Skatole att, og staa der og stire og
mulle yvi den tome Sylvskuffa?
Men Enok gjeng aat Bua-Spegilen. Han grin til seg
sjølv. „Dette var det ho saag! Dette var det ho
saag! Den gamle Legdehurpa hadde nok kje venta aa
sjaa Fenden i Augo hans Enok Hove."
Forgjord! — forgjord er det han er. Djevlesett, som
dei galne i Evangelie. „Kom Jesus, so vilde eg au
rasa og banna og segja gakk din Veg. Jesus? — Hæh.
Sama Slage. Var det sant Helvti av det som stend,
so kunde han ha frelst meg au, daa eg bad han um
det. Dei lovar stort, men held ein L — Ja sjaa der!
sjaa der! er det kje Dævelen? er det kje Dævelen?"
Han gjeng nokre Stig; vert standande midt paa Golve.
Smikkar, mullar; smikkar, mullar . . .
Kvitt-kvitt-kvi—itt! titt-titt-ti—itt! Tirli-tirli-tirli-tih!
„Minst fyri for Fuglane; dei hev ingjo Sjæl,
dei . . .
–„Men eg er kje rædd deg." Smikk, smikk.
14 — Garborg. IV.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>