- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred. Læraren. Den burtkomne Faderen. Heimkomin Son /
202

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

202

FRED

„Eg er kje rædd deg. Du er ærleg du. Du er ærleg
du. Du vil daa ha meg, du!" — smikk; smikk.

„Deres Pines Røg . . . opstiger i al Evighed. De
skulle tygge sine Tunger af Pine, tygge sine Tunger
af Pine ... i al Evighed,
i-al-Evighed-i-al-Evighed-i-al-E—vighed! — Naar du visste at eg skulde dit, kvi
skapte du meg daa? — Hyss; Dævelen, Dævelen . . ."

Han laugar seg i Helvit-Tankar, ørskar og svirer
i Svovelsynir og Eld. Grev seg djupare og djupare;
drøymer seg inn i Logane livs livande ; det fræser og
sleikjer uppetter hans nakne Bringe; upp-um Armane;
um Halsen; det rys i han; ein forvillande Tanke kjem;
det maa vera godt. Godt! Hi! — brennande Kritling
upp-etter Ryggen. Hih. Det maa svide godt. Det
maa svide brennande.

Halvt i Herota les han upp for seg sjølv Helvit-Verse
or den „aandelige Kjæde":

Hvo vil beskrive mig de store Helveds-Piner,
hvor Djævle-Hylen er som Hunde tuder, hviner;
der den fordømte Flok den Helved-Lue rød
af Munden gnistrer ud med Svovel-heede Glød;
der Halsen Skorsten er, hvorgiennem Luen brænder;
der Kiødet Føden er, som Helveds Orme skjænder;
der Aaren aaben staar paa hvert fordømte Lem.
Der pines, plages hart, og Døden slider dem.
De tygger Tungerne, de skjær med gløde Tænder;
de Lænke-bundne er paa Lemmer, Fødder, Hænder;
der staar af deres Kiød en evig Damp og Røg . . ."

— „Uh, Steikjelugt! Steikjelukt ... Og so veit ein
daa, at det vert ikkje verre . . .

— „Gjera det i Dag? I Kveld, naar det vert myrkt?
So er det gjort! Og so veit eg daa, at det vert ikkje
verre!" Smikk . . .

— Ho Anna stakk Hovude inn; kremta lindt, so han
ikkje skulde støkkje; „hm. Vil du kje lesa Bøni, Enok?"

Busande villt brast det utav han: „Helvite vert heitt
nok aat meg, um eg ikkje les fleire Bønir."

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0212.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free