Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
204
FRED
„Himmeriges Glæde" og „Jesus" sprang han yvi.
Det var skræmelegt aa sitja aa høyre paa.
Sidan laut dei syngje aaleine for det meste.
Kvitare og kvitare skein Soli; gladare og gladare
spela Solflekken seg. Dansa paa Veggir og Golv; lyste
paa Stakken hennar Anna; leika i det sveitte Haare
hans Enok; skvatt so upp-i Röte, der Flugur i
tusund-tal krauma og kraup. Skuggen av den gamle Raunen
som svinga der ute i Sumarvinden, vogga seg paa
Veggen ved Klokkehuse og paa det brune gamle
Sengje-Umhenge; alt var Sol og Sumar. Og endaa var det
som dei skulde sitja i ei Lik-stogu.
Salmen drog seg ut-yvi til Verse: „Du arme,
bedrøvede Enke, mistrøste dig ei saa"; daa kom ho Anna
paa Graaten. Enok ramsa upp Bøni i ei Hast og gjekk
ut; dei saag han ikkje att fyrr utpaa Kveldsida. —
— Oftare og oftare lét han vera aa halde Bøn; og
det var so fælt, totte ho Anna; det var som han gav
upp si siste Von. Men det verste var, at han gav seg
til aa røde um aa gjera Ende paa seg.
Anna gjekk med ein Verk for Bringa kvar Dag, og
var stundom so sjuk at ho helst skulde ha lagt seg.
Men ho torde ikkje; ho var nøydd til aa halde seg
uppe. Hadde det ikkje vori han Torkjell Tualand, so
hadde ho aldri klara det. Men han tok alt paa sin
Maate han, og hjelpte henne au ti! aa bera det lettare.
„Heh! — dei drep seg kje dei som snakkar um det;
du tarv kje vera rædd. Og no skal du sjaa at han
sveitar av seg den fæle Gudsfrygti au, so det kann
verta likare sidan."
Det vart Torkjell som styrde Garden; naar Enok
hadde sine verste Ridir brydde han seg ikkje um nokon
Ting. Og Torkjell fekk ei Magt yvi han som gjorde
han godt. „No ska du kje fara med slikt Tattl," sa
Torkjell lognt; „no ska me ut og høya." Enok vart
rolegare; „den som kunde vera som du!" — „Ja kvi
Rot: Loftgolve yvi Stogurome.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>