Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
FRED
205
kann du kje det?" meinte Torkjell; „du hev same
Guden du som eg." — „Han høyrer kje meg lenger,
Torkjell." — „Aa, du fær skrika." — „Eg hev baade
skriki og ropt; eg hev legi paa mine Kne og tigga
som eit Badn; men det hjelper ikkje." — „Eg var
tilfreds um du hadde stande paa Hovude! Du er for
snar til aa gje deg, Enok; med store Herrar maa ein
gjeva Töl." — „Naar eg berre hadde ditt Huglynde."
— Ja du tek deg Verdi for tungt, Enok." — „Men
det var vel just i vaar Sorg og Naud ... at Gud
skulde hjelpa oss." — „Hjelp deg sjølv, Enok. Slaa
Tankane fraa deg og legg deg i Arbeide, og ver som
du var fyrr; so fær du sova au, og so jamnar det seg.
Berre ein hev Helsa, so —. Helsa gjev Mod, og Mod
ber Mann yvi Bekk." —
— Sumaren vart varm, døynevarm; dei vonde Ridine
gjekk ofte paa, og full Kar var Enok aldri.
Han kjende so mykje rart vondt; vondt som ikkje
var noko vondt; som han ikkje kunde gjeva Greide
paa, og som ingin kunde skyna; Sjæle-Talm som tok
paa Kroppen; Brenningar som iste; Isingar som brann;
Flög i Hovud og Prikking i Hud; Sog og Slit og
Kald-kitling i Magen; Tyngd og Magtløyse; snøgge,
forvillande Svimringar; sviktande, veike Kne; men alt
ihop var det eine og same: Angesten, den kalde,
svarte Angesten, som laag for Bringa og saug som ei
Natt, som eit Gap, ein Svelg, tom og djup, utan Vit,
Grunn eller Grense.
Naar den gav seg, letna det med alt; han totte kje
det vanta han noko vidare. Han kunde jamvel stundom
sukke til Gud. Men berre det hende den minste
Ting: um ein Kalv vart sjuk; um ho Rakel slog sund
ein Kopp; um Litle-Paulus fekk Hol paa Skorne sine,
ja ofte utan nokon Grunn, — kom Angesten veltande som ei
Myrkeskodd av Have. Og strakst misste han Take i
seg sjølv; dreiv for kvar farande Tanke viljelaus og ør;
han var som ein Kork i Dragsug.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>