Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
206
FRED
Han hadde Ridir daa han ikkje fritt fekk draga
Anden; var som innestengd; hadde Kjenningar som
han var livande lagd i Kiste; eller liksom av store,
dimme Töke-Augo som glodde paa han; og Bringa
snørde seg, so Andedragi vart til tunge, djupe
Hjartesukk. Stundom vart alt ikring han so framandt. Det
drog seg ifraa han, kom han ikkje ved; han gjekk
inne i eit vidt tomt Rom aaleine med seg sjølv og
noko stygt han ikkje saag; men utanum Trollringen
stod hi Verdi og glodde og fælte; han var rædd at alt
som ikring han var skulde setja i og skrike, villskrike.
Vatn, Vatn; sløkkje all denne Brand og Pine i eit
djupt, djupt Vatn . . . Gud frelse meg!
Den som endaa hadde havt einkvar aa røde med;
aa jamre seg fyri! Aa, um han kunde vinne att Borni
sine. Det kunde vera det same med Gud; berre han
kunde faa att Borni. Tenk um han Gunnar kom heim,
og vart glad i Far sin att som han var daa han var
litin! Slike Tankar kunde faa Enok paa Graaten
mest. —
— Noko leidt hende; dei laut byte Gjente midt i
Aare; ho Maren, det Slarvetinge, hadde vorti med
Barn. Den Ukjura han Helmik Heialand skulde vera
Skuldi; han slepte seg nok reint yvi, han no.
„Vaa-bøni! Vaabøni!" braaka han Enok; „for mi Skuld
kastar Gud Vanære yvi heile mitt Hus. Kvi Fenden
gjeng eg her? kvi gjer eg kje Ende paa meg, so Guds
Vreide kunde venda seg!"
Det sveiv rundt i Hovude hans, sleit og vi^id so
det verkte og glødde under Pannekvelven. Det kom
ei Prikking inni Heilen; ein linn, pinande Klaae; ei
Kjensle som um Heilen svall upp og vart for stor,
laag og kitla og kitla mot Beinverke. Underlege
Paa-fynster kom; han fekk Hug til aa staa paa Hovude;
til aa stupe Kraake. Tankane gjekk som i Ring,
heitare og heitare, ræddare og ræddare; han skvatt upp
sleppe seg yvi: gjeva seg upp; „forfalde."
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>