- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred. Læraren. Den burtkomne Faderen. Heimkomin Son /
210

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

210

FRED

Auga med meg, Herre; hav alltid eit Augo med meg!
Spara meg, um du kann, for dei fæle Bespottelsar og
dei djevelske Tankar! Og før meg so, Herre, endaa
naar eg ikkje rett sansar meg eller kann raa meg
sjølv, — før meg so, Herre, at Utgangen kann verta
god, til di Ære og til Frelse for denne arme Sjæli.
Og ein Ting, Herre, vil eg krevja av deg"; — han
stilna av i Mæle som han vart rædd. „Du veit, kva
Djevelen kviskrar til meg i svarte Sfunder; — du veit
det, Herre!" han skreik upp. „Det vil du kje gje
han Lov til; det vil du hindra! Gjer med meg som
du vil; men fri meg fra det vonde! — Fader vaar, du
som er i Himilen ..."

Etterpaa song han han med stilt Mæle:

„Hvo ved, hvor nær mig er min Ende."

Siste Strofa song han uppatt, og Augo vende seg
graatfyllte mot Himilen:

„Min Gud, gjør dog for Jesu Blod
min siste Afskedstime god!"

Anna grét, so Taarine strøymde.

Men det tok snart til aa versne att. —

— I Marknaden reiste baade Anna og Enok til Byn;
dei vilde freiste aa faa heim-att han Gunnar.

Og Gunnar lova godt. Han skulde segja upp til
Vaaren, lét han. Enok vart so glad som eit Barn.
Det kom ei noko-so-nær god Tid utetter no.

I Joli, daa Gunnar var heime, vart det reint som
eit lite Gjestebod. Nokre av Skyldfolki var der; og
Enok hadde kaupt heim mange Slag godt til Jol,
endaa-til Vin og Kaffi. Og alt saag godt ut. Gunnar, som
fekk vita av Mor si korleis alt stod til, var snild og
lempeleg mot Far sin.

Men Enok forstod, at Guten sytte med aa koma paa
Tvomannshand med han; og dette gjekk so innpaa han,
at han gav upp alt. So snart Gjestine var burte

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0220.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free