- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred. Læraren. Den burtkomne Faderen. Heimkomin Son /
218

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

218

FRED

gali heime; fælt gali vart det, no daa det var soleis
med han Far . . . Men naar han ikkje kunde; naar
han ikkje kunde? Og neigu um det vart likare naar
han kom heim med ein Lausunge.

Eller med slik ei Fyrkje til Kjering •— aa jau!

Det vart verre, vart det. Han Far fekk greide det;
det var daa ikkje alltid like gali med ’n. Gunnar skulde
skrive so vent og rimelegt, lova aa koma heim um eit
Par Aar . . . Han drap seg sgu ikkje. Folk som
gjekk og rødde um det gjorde det aldri.

Det var berre eit Paafynster av han Far, at han so
plent vilde hava Son sin heim. Sjuke Folk fann paa
so mykje. Gunnar hadde daa ikkje fyrr merkt noko
til, at det skulde vera so serskilt um aa gjera med
den Ting.

Nei; han fekk fara. Tala med Gjenta endaa ein
Gong. Men hjelpte kje det —; raadlaust var raadlaust.
Og so kom han ut i Verdi au, — paa den Maaten
det var. —

— — Ein Dag kom han Helge heim fraa Byn med
eit Brev til henne Anna. Av det Breve fann dei ut,
at Gunnar var farin til Amerika.

„Høyrer de noko gali um meg, maa de kje tru det,"
stod der til Slutt. „Men um det er Lygn aldri so
mykje, so heng det ein Mistanke ved ein likevel.
Eg kjem att um nokre Aar naar det er gløymt; og
daa skal eg forklaara dykk det betre."

Anna vart liggjande.

Det verste vart mest aa faa sagt det til han Enok.
Og segja det laut ein; elles fekk han vita det fraa
andre Kantar. I si Naud raadførde ho seg med han
Torkjell; dei vart samde um ein lempeleg Maate aa
segja det paa; og Torkjell lova aa bera det fram.

— Dei skulde aat Torvmyri Morgonen etter; daa
fortalde Torkjell det.

„Det er sant," sagde han; „eg høvde han Helge
der aust i Gaarkveld, og han hadde Helsing med fraa

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0228.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free