- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred. Læraren. Den burtkomne Faderen. Heimkomin Son /
230

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

230

LÆRAREN

Helga. At du vil her ut paa Lande att. Treivst
du kje paa Amtskantore?

Jens. Trivst kje i Byen.

Helga. Det tykkjer eg er rart.

Jens (smiler). By er Bonde Himmerik, ja. Men–

ikkje i Lengdi. Der er so heimlaust. Me som er
uppvaksne millom Fjell og Haugar og Hav, me kann
kje slaa Rot paa Bygata.

Ein er alltid paa Flytjefot der. D’er Hotel og Hast
og Heimløyse allting. Du vert hivd og slengd fraa
Vegg og til Stokk, og fraa Gate til Gate. Aldri kjem
du til Ro.

Helga. Ja men d’er daa Umbyte. Her gjeng ein
og dabbar paa ein Flekk.

Jens. D’er kje Umbyte heller. Ein byter og byter;
men d’er alt eit Slag.

Ein er allstad framand. Den du budde Vegg i Vegg
med igaar er burte i Morgo. Og sjølv er du burte
i Overmorgo. Du bur i Hus med Folk du ikkje veit
Namn paa. Og dei ligg sjuke og døyr, og du veit
ikkje av det, fyrr du ein Dag kjem til aa sjaa at der
er barstrøytt i Gata utanfor Døri di.

Helga. Du kunde arbeidt deg upp og kaupt deg
Hus sjølv.

Jens. Gale er Gate, um ein so eig Grunnen.
Og rett som det er kjem Kommunen og riv Huse
ditt ned. Der skal gaa ei Gate yvi Tufti ....

(Ute i Gangen høyrest Staak, ustade, tunge Stig, Dprir, som vert upprivne;
straks etter eit skjellande Kvinnfolkmæle.)

Jens. Kva er tids ?

(Helga legg fraa seg; gjeng aat Dori og ser ut. Ein høvrer:)

Maren Doktar (skjeller; ho er grovmælt, mest som ein Mann).

- — ja det kann du helse han paa. Eg treng kje
noko Heilagtryne til aa gaa og rote der nede; lat han
rote hjaa Tausine sine —; ja eg ser nok du sit der,
Tabitha — —

Helga (skarpt). Kva er tids, Maren? — sjaa og kom
deg paa Dør.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0240.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free