- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred. Læraren. Den burtkomne Faderen. Heimkomin Son /
231

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

LÆRAREN.

231

Muren (driv fram i Dørglytten; det er ei svær Lurje, stor og slurveleg;

ho er fuii). Hæ? Er det Subba sjølv? Ja du kann
høyre det du au, so vigtig du er: eg vil kje ha Mannen
din rennande i Dørine mine. Eg treng inga „Hjelp",
eg. Maren Doktar greier seg sjølv ho, kann du segja.
Eg hev Iglane mine — —

Helga. Gjeng du med det gode?

Maren. Gu gjer eg so. Tarv aldri bry deg, Megga!
(Skrik.) Men hels han paa det! (Dari att.)

Jens. Er det ei av dei han skal frelse, det? — Ho
saag meg nok ut til aa kunna turve det.

Helga (sukkar; set seg). I desse siste Tidine hev han
funni paa — slikt og. Fyrr var han daa rimeleg i
den Maaten. Han var endaa med i dette Samlage
som Presten hev skipa —

Jens. — mot Tigging, ja. Er han kje med der
lenger?

Helga (sukkar). Nei. — Og no ser det ut til han
vil berre leite upp all den verste Fanten han kann finne.
Ja Carolus Magnus hadde me fyrr; honom tykte han
liksom han hadde i Arv fraa Far sin. Men no vert
det den eine etter den andre, — Rasmann Rottehölen,
og —; ja no høyrer eg han hev vori hjaa Maren
Doktar med.

Jens (smiler). Og det er den Takki han fær.

Den andre ho nemnde, —• er det og slik ei? Taletta
eller —

Helga. Tabitha; nei, det er ei av Systrane.

Jens. Tabitha. Carolus Magnus. Dei hev slike
merkelege Namn her ned paa Flatbygdi.

Helga. Dei vil vera gilde her.

Jens (smiler). Eg kann forstaa det. Dei tek endaa
til aa gaa med Hattar, Gjentune, ser eg.
Tenest-gjentehattar; huff. — Aa ja. Kraaka breider seg i
Skogane, og Gjedda i Vatni, og Høkerkulturen i Bygd-

ine. (Drikk. Stutt Togn.)

(Vårt.) Ja han er vel etterhengd av Kvinnfolki Paal
— som Lesarprestar plar vera.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0241.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free