- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred. Læraren. Den burtkomne Faderen. Heimkomin Son /
246

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

246

LÆRAREN

Verdi og alt som er i Verdi, heile denne Huldreheimen
med alt det me der gjeng og fiktar etter, Gods og Gull,
Ære og Magt, Elskhug og Vellyst og glade Dagar, alt
dette Trollgull som ikkje er anna en Bos og Møk, naar
det kjem fram i Dagen, — ser han at du er leid av
alt dette, og vil inn i eit nytt Liv, — so spyrr han
ikkje um du angrar, ikkje um du er botferdig; han
nemner ikkje det; han spyrr berre: trur du? trur du,
at eg kann forlata Syndir paa Jordi? Og ser han at du
trur han paa hans Ord, so segjer han : ver frelst. Det
vere deg som du vil. Og du er heil i den same Time.

(Reint stilt.)

Syndine dine? Ja det var dei som vart burttekne
no. Gravne i Jordi, sekkte paa Havsbotnen, utstrokne,
gløymde, ikkje til lenger; han vil ikkje høyre gjeti deim
meir, ikkje vita um deim; han hev daa visst havt nok
av den Styggedomen. Og so gjeng du her i alle dine
Livedagar og flaggar med denne Syndi like godt! Trur
du daa ikkje? Ja trur du ikkje, so gakk heim til Verdi
att; i Guds Rike hev du ingin Ting aa gjera! (Uro.)

Nei; det er noko anna han krev av oss, godt Folk.

Daa den rike Guten kom og spurde kva han skulde
gjera, so sagde Jesus: haldt Lovi. Guten svara: den
hev eg haldi fraa min Ungdom av. Hadde det vori eg,
— eller du, min høgvyrde Far og Lærar Lars
Nord-braut —, so hadde me haldi ein Tale for Guten um
Sjølv-rettferd. Me hadde prøvt aa knasa dette harde
Hjarta; me hadde vist Guten burt og sagt: kom att
naar du hev gjort Bot, naar du hev Angeren! Men
Jesus? — Han gjorde ikkje det. Han lika Guten. Han
forstod at Viljen her var god. Berre ein Ting lagde han
til. Eitt vantar deg enno, sa han. Anger? Langtifraa.
Vil du vera fullkomin, sa han -— ja han bruka Orde
fullkomin, — so skal du — selja alt det du eig og
gjeva det til dei fatige! Det sa han.

(Per Aase kremtar. Helga og Jens Eide ser uroleg paa einannan;
mange andre like eins.

Lars Nordbraut hev lengi freista aa vise si vanlege blide og milde

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0256.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free