Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
LÆRAREN.
261
so Jesus og bed han um Hjelp, so svarar han: orsaka
meg, men eg er med i Samlage mot Tigging.
Gudleik. Ikkje ho, ikkje ho.
Paulus. Agta deg, Gudleik. Jordi er ein Haug.
Og Kvinna er Huldri. Det som er av Huldrekall i
oss fær ho Tak i, og éi det sterkt. Gjenom henne
slær me Rot ned i det myrke, det dulde, i Jord og
Mold og Trollheim.
Gudleik. Ikkje alltid, ikkje alltid!
Paulus. Kvinna ligg inne med Ormen ifraa
Upp-have av. Hans Hjelp og Reidskap var ho med same.
Enno er ho Djevelens beste Daarefugl og Lokkemat.
Kjøte, det sanselege, Syndi det er ho. Alt i henne
er bygt upp um det eine: aa vera Mor; for Natturi vil
øksle seg og bli sterk, at ho paa nytt kan byggje
Babels-taarne. Difor er Kvinna uskyldig i sin Elsk; for ho er
seg sjølv naar ho er kjøteleg; men det forfører Mannen.
Gudleik. Nei, nei!
Paulus. Inst inne er Mannen Aand. Og Aandi
vil upp-etter, til friare Tindar. Haugen med alle sine
Voggur og Grytur er ’n av Hjarta imot. Og han bryr
seg ikkje um, at Natturi økslar seg. Her er meir enn
Folk nok, — Syndarar, Lidarar nok. Han lengtar etter
den Dagen, daa dette jordiske Live tek Ende og
Aands-Rike kjem. Difor stritar Anden imot Kjøte, og
skjemmest, naar han læt seg bøygje inn under
Troll-magtine. Mannen er bljugare og raa’are i sin
Elskhug enn Kvinna, av di han maa døyve ned ei løynleg
Skam i seg og kjenner seg trælka under noko laagare.
Dette er ein faarleg, ein fælsleg Strid, ein Strid inne
i Myrkr og Natt; den kristne kann gaa under i den
Striden. Forstend du meg, Gudleik?
Gudleik (med bøygt Hovud). Eg hev ikkje den store
Naade-gaava; eg kann ikkje liva ugift.
Paulus (tegjer litegrand). Vaagar du aa gaa inn i denne
store Striden, Gudleik, so gjer deg Andsvare klaart og
tak det.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>