Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
262
LÆRAREN
Gudleik (giad; reiser seg). Med Evelinde skulde eg gaa
uskadd gjenom Helvite!
Paulus (ser braadt upp; reiser seg). Er det Evelinde? -
(gjeng att og fram; stanar.) Ja. Hjaa Evelinde er du i gode
Hendar.
Kvinna er Jordi. Men ho er som ei Moderjord,
der Aandi kann saa sitt Fræ; og fær dette Fræ den
rette Dogg av Liding og Graat, so kann det vekse og
gro og suge det jordiske i seg, so at Kvinna vert reinare
Aand enn Mannen, liksom ho fyrr var reinare Nattur.
(Braadt.) Kann du ofre henne?
Gudleik (hugfallin). Maa eg ofre henne?
Paulus. Ofre henne maa du heilt og fullt, og ikkje
taka henne att utan av Guds Hand.
Gudleik. Eg forstend Dykk ikkje.
Paulus. Du maa gjera deg so fri av henne i Hjarta
og Hug, at um Gud skulde negte deg henne, so maa
du kunna gaa fraa henne med Lov og Takk, — for
dette og, at han negta deg henne. (Gudleik bøygjer Hovude meir
og meir.) Naar du kjenner deg so fri, kann du spyrja henne.
Gudleik (haast). Ikkje fyrr?
Paulus. Ikkje fyrr, — um du vil ha Rom i Guds Rike.
— Og um Ægteskape maa du vita, Gudleik, at det
skal vera reint, og ikkje eit Skalkeskjol for Lysti. Og
fyrst og sist: det er uløyselegt. Verdi krev Skilsmaal,
og for Heidinskapen er fri Kjærleik Religion; Elskhugen
er det høgste Natturi kann naa, og Livsens Meining og
Forklaaring for alt Huldrefolk. Men i Guds Rike er
Elskhugen det som ein fyrst og fremst maa vinne yvi.
Det strenge Eingifte er den Skulen som døyver Kjøte
og gjenom Liding og Forsaking og det heilage Arbeid
med aa hjelpe kvarandre og dei smaae fram til Kristus,
lyfter sjølve det natturlege upp til Aand.
Tenkjer du so um Ægteskape, Gudleik?
Gudleik (i Tankar).–- Ikkje fyrr. (Samlar seg seint og
gjeng. Med brestande Mæle:)
Farvel, Paulus.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>