Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
LÆRAREN.
279
Grækarar ein Daarskap; vil ein fylgje Jesus, so er ein
galin for Verdi, Helga.
Men du maa forstaa meg.
Helga. Det er daa mange som er kristne ... og
ikkje gjer slikt.
Paulus. Eg dømer ingin, Helga; her kann ingin døme
utan kvar Manns Samvit og Gud. Ikkje alle hev sin
Faare paa den Kanten; ikkje av al!e vert det Offere
kravt. Men her er min Faare, og her er daa mitt
Offer, Helga.
Helga (strævande). Ja — det høyrest nok, at det tek
meir paa deg aa ofre Garden din enn aa . . . ofre meg,
som du kallar det . . . (fører Lümmeduken tii Augo.)
Paulus (hugfaiiin). Aa nei tak det ikkje so, Helga; du
forstend betre enn du segjer no. Tyng meg ikkje,
Helga! Det er ei svær Stund for meg dette; eg er
so veik, at visste du det, so vilde du drive paa av all
Magt, at eg snart maatte vera fri og ferdug.
Helga. Eg vil visst ikkje . . . tyngje deg! — (Med
Lümmeduken for Augo.) I det heile var det nok best for
deg, at du . . . hadde ei som . . . betre forstod
deg. (Græt.)
PauluS (bøygjer seg fram-yvi, styd Olbogane mot Knei og gøymer
And-lite i Hendane). Nei, nei, nei, Helga. (Modlaus.) Aa nei; der
er eitkvart imillom oss. Du høyrer anna enn eg segjer.
Tore Eide (kjem inn). No er dei i Gang. Det kjem
mykje Folk. Det vert ein god Skilling til dei fatige.
Paulus. Det er vel.
Tore (ser paa Heiga). Du tek til aa trøytne du, Helga.
Det er visst best du tek deg ein Kvil.
Paulus (reiser seg; ser paa henne). Ja du Ser trøytt Ut,
Helga. Som altfor rimelegt er paa ein slik Dag. Skal
eg hjelpe deg?
Helga (mødd). Takk.
(Dei hjelper henne upp; Paulus styd henne inn i Kammerse. Tore gjeng
att og fram paa Golve; ser sturin ut.)
Tore (tii Paulus, som kjem inn att). Ho forstend deg ikkje
enno.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>