- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred. Læraren. Den burtkomne Faderen. Heimkomin Son /
283

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

LÆRAREN.

283

kor sløg du er; men eg veit at du er braa; og fraa
no av gjeng du forsvarslaus millom baade Ulvar og
Revar.

Paulus. Ikkje forsvarslaus, Tore! Og - (med eit djupt,

skjelvande Andetak som av sæl Von) fekk eg ein Gong lide noko

for Jesu Namns Skuld —–

Ola (stikk Hovude inn). Lensmannen spyrr etter han Tore.

(Tore gjeng.)

PaillUS (set seg i Armstolen; stryk seg yvi Enne, legg seg att-yvi og
synest vilja kvile. Han ser med ein Gong trøytt ut). Ver hjaa meg du,

Herre, — du strenge og du gode! (iegg att Augo.)

(Ute høyrest som fyrr Traakk og døyvt Staak.)
(Um litegrand gjeng Døri upp, og:)

(Jnge-Salomon Storbrekke (kjem. Han er ein Mann paa ikr. 40,

storbygd, halvt byklædd, med eit sterkt, noko grovt, raudsprengt Andlit, smaae,
kvasse Augo, storfakta og høgmælt). Ja du fær Segja kva du vil,

Paal; men eg toler kje aa sjaa paa dette. So godt
som du no hev fengi alt til, og slikt framifraa Stell i
kvar minste Ting, og so skal det ut for Ver og Vind,
baade Garden og alt; — er du galin, Paal?

Paulus (smiler). Gakk stad og gjer like eins, Salomon.
Salomon. Eg? — Ja eg vert snart nøydd til det
eg, — som sit upp under Armane i Skuld og Gjeld —.
(Truhjartug.) Mi Gu’ og Sæl trur eg at eg fekk det mykje
rolegare og betre, um eg sette meg til paa ei Heid og
hadde berre meg sjølv og mine aa fyri syte! No slit
eg som ein Slave og hev kje meir enn snaude Maten
for det, og maa endaa sjaa paa, at eg gjeng til atters
kvart Aar, so at rett som det er so stend eg paa
Bakken berre og hev kje so mykje som so! (sputtar) for
alt Slite mitt. Mi Gu’ og Sæl gjeng eg kje og
misunner min eigin Dreng, som hev Mat og Klæde og
Løn attpaa, og kann krevja og krevja at so og so vil
han ha det; og ikkje meir Sut og Andsvar enn so! (sputtar.)

Nei men du, Paulus, som er komin so godt i Gang,
og sit her med eit lite Hus, og — (truhjartug.) Du skal
kje gjera dette, Paulus. Gjer som eg segjer: sit paa
Garden din du, og ver ein Fagnamann som du hev

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0293.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free