- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred. Læraren. Den burtkomne Faderen. Heimkomin Son /
284

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

284

LÆRAREN

vori, og endaa meir no daa du hev skilt Lag med
desse Lesarane; (yverteljande) fl O kann du koma og vera
med oss Vinstre, so tek me Amte som inginting; og
so sender me ein Mann til Things, som vil hjelpe upp
oss Bønder litegrand.

Paulus. Er Sakførar Rabbe slik ein Bondeven?

Salomon (i Trumaal; laagt). Aa — Fa’n i Sakførar Rabbe;
kom lat oss slaa oss saman, so sender me likso gjerne
ein Bonde til Things. (Prøvande.) Kanskje deg, — um
det var so du vilde?

Paulus. Veit du kva eg trur, Salomon? — Eg trur
at me Bøndar hev drivi for mykje Politik. Me kunde
lata Kongen styre Lande; og so sat me sjølve som
Kongar paa Gardane vaare; og styrde me deim rett, i
Staden for aa føykje um paa Folkemøte og frie etter
Veljarar og vasa Tidi burt med Smaasumling og
Blad-lesing, — so trur eg sletikkje me turvte gaa her og
misunne vaare eigne Drengir.

Salomon (myrkraud av sinne). Er det meg du meiner?
Gjer du Narr av meg? Din Farisæar du er, trur du
kje eg skynar Fantekunstine dine! Agta deg sjølv,
du! Du visste at skulde ein vinne seg fram her, so
maatte ein slaa seg til Lesarane, og so slog du deg til
Lesarane. Men no skynar du, at han Per Aase stend
deg i Vegen; og so finn du paa andre Kunstir, so du
kann olboge deg framum ’n Per. Din Rev! (vin.) Men
det skal bli Lygn det, Farr! Vil du apast med meg,
so Betterdø skal du kje daa koma paa ei Merr aa flaa!
No svor eg! <ut.)

(Paulus rister paa Hovude. Legg seg att-yvi att som til aa kvile. Det bankar
stilt; Døri gjeng upp. Tabitha og Evelinde kjem inn. Helsar „Goddag*1 og
„Guds Fred .)

Paulus (upp). Aah! — Goddag, Systrar.

Evelinde. Kor stend til her i Huse?

Paulus. Takk; eg trur det greider seg. Ho hev
vori uppe stundomtil baade igaar og i Dag; og eg er
ikkje rædd lenger.

Tabitha. Ho hev nok vori svært klen.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0294.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free