Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
288
LÆRAREN
Paulus (rædd; m iidt). Du er kje frisk, Helga. Kom; du
maa kvile deg; du maa halde deg i Ro. D’er berre
det at du ikkje er frisk. Daa kjem det so mange . . .
urolege Tankar. (Tek henne inn tii seg.) Ver roleg, Helga.
Du veit so godt at eg tenkjer berre paa deg. Kom no.
Helga (viljelaust med. Halvt graatnnde). Aa, aa, kvi skal eg
liva, kvi skal eg liva . . .
(Dei er inne i Kammerse. Ein høyrer)
Paulus (tala, roande og godslegt som til eit Barn). So, Helga. So;
legg deg no godt, og ver trygg. Bry deg kje um . . .
alt slikt Tufs som Sjukdomen jagar upp i ditt stakkars
trøytte Hovud. Vil du eg skal sende han Tore inn
til deg?
Helga. Eg vil inginting. Lat meg vera; lat meg
vera.
(Rolegare.) Lat meg faa kvile. Det gjeng nok yvi.
Berre eg fær sova —. (Braadt.) Gjev meg nokre Dropar
av den Flaska.
Paulus. Naa ja, knip det . . . Men du veit me skal
helst spara paa den. (Godsnakkande.) Berre slaa deg no til
Ro, Helga, so greider det seg utan den. Bed til
Vaarherre, og legg deg inn til han; det er mykje betre
enn Opium. Han vil so gjerne roa og svæve slike
sjuke Born.
Helga (mildare). Gakk no, Paulus. Eg vil prøve aa sove.
(Paulus kjem stilt inn. Nikkar ut til Helga og læt att Døri.)
Jens Eide (med Tore inn fraa Bakgrunnen). Det er komin ein
Sørbue som vil ha Garden upp no. Han er reist etter
Lysingi, segjer han, og hev kje Tid til aa drygje lenger.
Paulus (set seg). Rop Garden upp, Jens.
Jens. Det er din faste Vilje.
Paulus. Ja.
Jens. Og dersom eg ikkje kann faa Tilslage —
Paulus. Alt det veit du eg hev lagt i Guds Hand.
Jens (ser paa han). Helga kann ikkje ta det fullt so rolegt,
Paulus.
Paulus (tek seg til Hovude; jamrande). Eg vil bera Helga paa
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>