- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred. Læraren. Den burtkomne Faderen. Heimkomin Son /
295

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

LÆRAREN

295

Læraren, kann de vita, —• som inkje Folk lenger kann
forstaa seg paa.

(Per stanar forviten.)

Kona. Er det no noko med han att?

Carolus. Hev de kje høyrt gjeti at ho Tabitha
Stakkar, ho som flaug so etter han all Tidi —

Kona. Per. Naa —?

Carolus. Ho skal til Amerika.

Kona. Skal ho til Amerika? — Nei so braadt som
det maa vera komi?

(Dei ser paa kvarandre.)

Carolus. Du kann so segja.

Per (knappar Broki paa seg). Kann der vera noko, som
. . . treng til aa bli ned-dult, tru?

Carolus. Det ser underleg ut. Visst er det at han
hev styrt henne ifraa seg, og vil ikkje hava meir med
henne; kor det no kann hava sig.

Kona (laagmæit). D’er gjerne ei onnor som er gjævare
no?

Per (dreg Vesten paa seg; stanar). Det kann hende?

Kona. Ho som gjeng her no, — ho heng ikkje
mindre etter han, tykkjer eg, i seinare Tid. Ser du
noko til henne der ute, Carolus?

Carolus. Evelinde er innum i Bygningi hjaa han
Paulus rett som det er.

Kona. Ja so ho gjeng der? — Eg kunde mest
tenkje det. — Nei eg segjer meg so; tenk Tabitha, som
skal til Amerika.

Per (dreg Trøya paa seg). Naar Folk vert Svermarar, og
læt seg forblinde so reint at dei trur dei er syndefrie,
so hev Djevelen fengi Magti; og daa er det kje Sæt
paa nokon Ting.

Kona. Du kann so segja.

Carolus (sukkar). Ja, ja. Elles maa me no ikkje tru
alt som vert sagt. Men ho Gurina, ho som tente
hjaa deim, ho meiner det hev vori Ugreidc lengi
millom honom og Kona hans — hm <braa-tagnar.)

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0305.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free