Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
LÆRAREN
301
Paulus. Av sjølve Prestlæra hadde eg kje att meir
enn dei tri siste Kapitel i Johannes’ Opinberring.
Maren. Nei eg segjer meg so. — Var dei so vande,
dei Kapitli daa, med di du slutta naar du var so nære
innpaa.
Paulus. Nei slettikkje. Det vandaste er det um
det store Dyre, du veit, og so um Antikrist; men det
kunde eg paa Fingrane.
Maren. Nei, nei, nei. Nei! at Folk kann ha Hovud
til slikt. — Ja eg visste nok, du var klok — —
Paulus. Nei; du maa tru det var nok ikkje for det
gode eg slutta, Maren.
Maren. Er det sant det?
Paulus. Det var berre ideleg Utukt og Fyll som
gjorde det; eg var so nedpaakomin, Maren, at dei
kunde kje ha slikt eit Svin paa Presteskulen lenger.
Maren. Ja dette hev eg høyrt. (Lær uviljande, men hjarteleg.)
Nei tenk, so du var ikkje likare du heller, Paulus.
Paulus. Aldri det Slag betre enn du var eg. Det
var berre eit Raam at eg slapp Tukthuse; eg skulde
ha vori der, eg au; (løyndomsfull) eg skal segja deg, eg
hadde havt aa gjera med ei gift Kone.
Maren. Nei d’er kje sant.
Paulus (aalvorsam). So sant som eg her stend. — Trur
du no at det kann bli Folk av Fant, Maren?
Maren. D’er kje alle som hev so godt To i seg
som du.
Paulus. Godt To? — Toe hev me fraa Vaarherre,
so det er alltid godt nok. Og vil du tala um det, so
skal eg segja deg noko, Maren. Eg hev lært so mykje
baade av eitt og anna Slag, at eg ser djupare inn i
Folk enn Stormengdi. Og det var kje lengi fyrr eg
saag, at du i Grunnen er eit greidt Kvinnfolk, du
Maren.
Maren cgiaid). Aa Gu’ bære oss, Paulus.
Paulus. Eit kontant Kvinnfolk er du. Ja; det er
du. Du maa kje tru du lurer meg paa slikt, Maren.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>