- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred. Læraren. Den burtkomne Faderen. Heimkomin Son /
302

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

302

LÆRAREN

Det kann nok hende du ikkje skynar det sjølv; men eg
veit det, eg.

Maren. Aa, du veit —; eg var eit greidt Kvinnfolk
ein Gong.

Paulus. Ja det er som eg segjer: der er godt To i
deg; og naar der fyrst er godt To, so sit det i, —
um ein so hadde vori paa Tukthuse alle sine Dagar.
Dermed ser du, at det er kje rett av deg aa læ aat
meg, naar eg vil ha deg til Tjenestgjente.

Maren. Du kann vita det var kje paa vondt; det
var berre — det kom so uventande, ser du. Eg er
kje van med at Folk talar til meg paa den Maaten.

Paulus (svivyrdsieg). Vil du bry deg um Folk. Veit du
kje korleis Folk er. Nei no skal du kje bry deg det
Slag um Folk, men berre koma her i Morgo og hjelpe
meg med aa rydja upp Stogo mi; du ser korleis her
ser ut! —-Eg treng eit sterkt og manslegt Menneskje
her; og du skal sjaa me skal nok koma til Lags med
einannan. Me er like, du og eg; me er Brot-Bjønnar
baae tvo, og likar aa ta dugeleg i — baade med
Kjeften og med Nevane.

Maren (lær fornøgd). Ja du er løgin, du Paulus.

Paulus. Ja no gjer du det daa, Maren!

Maren (inngiad; manslegt). Ja du veit, er det so du meiner
det, so skal det visst ikkje staa paa meg. Du hev
vori so greid mot meg, Paulus, at kann eg gjera deg
noko att for det, so skal det visst ikkje vera meg
imot. (Modig.) Eg kann gjerne hjelpe deg med Vask og
Skuring her, til dess du fær Kona di ut; du maa
kje tru det var Meiningi at eg vilde vera vrang mot deg.

Paulus. Det var det eg visste, Maren; du er kje
soleis, du. Og naar Helga kjem, so kann me sjaa meir
daa; kann godt hende me kjem til Lags daa au; Helga likar
greide Kvinnfolk likso vel som eg; ho er greid sjølv, ho.

Maren (ruggar paa seg og rister paa Hovude. Mest for seg sjolv). Aa

nei; aa nei; det gjeng nok ikkje, Paulus. Ho ser ikkje
so djupt i Folk ho som du.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0312.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free