- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred. Læraren. Den burtkomne Faderen. Heimkomin Son /
303

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

LÆRAREN

303

Paulus. Ja ja, me fær sjaa, Maren. I alle Tilfelle
er daa me komne til Lags; det er alltid eit Stykke
paa god Veg.

Ja so liter eg paa det daa.

Maren. Ja det kann du lite paa so trygt som Berge
det, Paulus. Eg er kje av deim som segjer anna enn
eg meiner. Eg skal koma i Morgo so visst som Soli ;
det kann du be Fanden ta deg paa.

Paulus. Det er godt. Og so er det ein Ting eg hev
tenkt paa, Maren. Skulde du kje like aa faa deg ei Ku?

Maren. Ei Ku? Kva skulde eg med Ku. Hev
eg noko aa føde ei Ku med ?

Paulus. Kann du kje brjote upp Jordflekken din ?
— Eg skal hjelpe deg, eg.

Maren. D’er kje nok til aa føde ei Ku paa, det.

Paulus. Eg skal snakke med Eigaren, at han læt
deg faa eit lite Stykke til; høyrer han at du vil ha
Ku, og jagar fraa deg all Fanten og vil vera Folk, so
gjer han det gjerne. Han er ein rimeleg Mann, han.
Og sidan skulde me alltid vita Raad med ein litin
Kalv aat deg, som du kunde ala upp.

Maren (tek til aa ljosne). Ja tok du deg Aalvor fyri med
det du, so —! (rivi med.) Aa nei, aa nei; ja kunde eg
faa ei Ku! — (snufsande) — so trur mest eg au at eg
kunde bli Menneskje!

Paulus. Ja det er rart med ei Ku, Maren; ein
vert so glad i slikt eit Kretur.

Maren. Aa ja! for Selskap det er i ei Ku. Ho er
reint som eit Menneskje! Helst naar ein hev ali henne
sjølv fraa ho var Kalven.

Aa, eg hugsar so vel henne Dagros heime; ho var
plent som det kunde vori Dotter mi. Alltid naar eg
kom aat Fjose, so liksom ropa ho paa meg, at eg
skulde koma og kjæle henne, og gje henne Salt; og
so strauk ho seg inn til meg, og saag so vent paa
meg, og var so blid og fornøgd! Og naar eg kom
med Høydotten til henne var det so ho vilde eta meg

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0313.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free