Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
LÆRAREN
305
Paulus. Det er aa hjelpe verdige trengjande mot
at desse til Takk for Hjelpi skal umvende seg. (iær.)
Ha-ha! næst Fatigkassa er vel dette den løglegaste
Skalkeherming paa kristeleg Fatighjelp ein kunde
upp-tenkje.
Jens. Innbiller du deg at du ikkje ventar Takk?
Paulus. Takk kann eg ikkje so lett sleppe. Men
eg talar daa ikkje Gudsord til deim.
Jens. Skal det vera so kristelegt?
Paulus. Ja; hev du kje lagt Merke til det? — Jesus
er Aristokrat. Han talar naar Folk vil høyre, og han
svarar naar nokon kjem og spyrr; men han klengjer
seg aldri innpaa nokon med Visdomen sin, — kastar
ikkje Perlur for Svin, Jens.
Det var min Namne Apostelen, som tok til
med det.
Jens. Du er kje fornøgd med din Namne Apostelen?
Paulus. Han var ein Demokrat. Det var han som
tok til med aa frie til Fyrstar og Landsherrar og den
store Mengd; difor var det og han som tok til aa slaa
av paa Kravi og gjeva Farisæar-Reglar og lære
Utanpaa-Kristindom. Det tyder alltid paa Nedgang, naar der
vert Reglar og Uppskriftir for det ytre Liv. Ein Kristin
liver ikkje etter Reglar. Han liver etter Guds Vilje;
utan Tvang og Tilskaping liver han etter sin nye Hug,
som ikkje er anna enn hans medfødde Menneskjehug,
lyft og reinska for alle Huldre-Haattar.
Nei; Paulus er ikkje min Mann. Fraa den Tidi han
kom upp, vart det og Slutt med den kristelege
Kommunisme.
Jens. Aha.
Naaja, du vedgjeng, at det er Kommunisme, det du
fær med. Seg meg, trur du Samfunde kann staa paa
kommunistiskt Grunnlag?
Paulus. Samfunde? —- Eg forstend kje kva det
kjem meg ved, um Samfunde stend eller feil. Eg bed
kvar Dag i mitt Fadervaar, at Guds Rike maa koma;
og det kann staa paa kommunistisk Grunn.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>