Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
LÆRAREN
307
Lovbok sjølve til aa gjera seg gudelege med; og i den
Lovboki stend alle desse rare Reglane. Men det finst
kje den Ting paa Jordi, Gud hatar so hjarteleg som
desse sjølvgjorde Lovbøkane som dei trur dei skal narre
han med.
Jens. Hm. Ein Ting veit du: at ingin Kultur kann
trivast utan paa eit Grunnlag av Rikdom, i det minste
Velstand; men dette Grunnlage er det no du vil rive
burt under vaar norske Kultur med den nye Læra di.
Paulus (smiler). Fekk eg Aase-Kalle kristna paa min
Maate, so vart det det rikaste i Lande.
Jens (utöiieg). Me talar Aalvor no. — Er det kje den
Skinnbrok-læra, du fær med, at „med Klæder og Føde
skal vi lade oss nøie"?
Paulus. Visst er det so! Og dertil den
Skinnbrök-læra, at den som ikkje arbeider, han er ein Tjuv! —
Men naar alle arbeider, og alle nøgjer seg med Klæde
og Mat, so maa det vel bli Rikdom av det?
Jens (dreg paa Aksiine). Alt gjeng til dei fatige.
Paulus. Det vert ingi Fatigfolk! Utan dei gamle
og sjuke.
Jens (smiler). Ja; eg kann nok ikkje vente til dess du fær
kristna Aase-Kalle.
Paulus. Det kunde kanskje gaa snøggare um du
hjelpte meg, Jens.
Jens. Drøymar. — Men at du skal vera so altfor
mykje Drøymar er leidt; eg hadde havt so naudturveleg
Bruk for deg. Um ikkje til anna, so til Kautionist i
det religiøse! Eg er Fritenkjar, og kann ikkje faa meg
til aa segja „med Guds Hjelp"; men Kristindomen maa
me hava med. Han høyrer til, og Folke treng han
... ein rimeleg, folkeleg Kristindom som den me hev
havt fyrr ... Og so gjeng du av og slær deg paa
Kommunisme! Er det Aalvore ditt, dette her? Skal
me skiljast paa dette?
Paulus. Du segjer Kommunisme; men du veit vel,
at Kommunisme og Kristindom er tvo motsette Ting?
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>