Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
344
DEN BURTKOMNE FADEREN
det vonde; der galdrar Trollkjeringar med svart Kunst,
og spinn Uraadir, og lyser Ubønir, og sender Vanhug
og Vantrivnad ut yvi deim som ikkje stengde for Dørir
og Tankar med Vigsle og Kross og det heilage, sterke
Fadervaar. Og Midnettes Bil naar alt søv, stig or
vanstelte Gravir Sjæline som ikkje fekk Fred, og søkjer
heim att til det dei elska paa Jordi eller hata.
Himilbru er Kyrkja, og Hélgrind, Porten millom
der uppe og der nede og her, det store Vegskil og
Vegamot. Her liver det ukjende, Magtine, dei høge
og dei laage, dei som spinn Lagnaden og raar for alt
Liv. Og naar Folke møter til Helg, so er det Helg.
Gud er tilstades sjølv, Faderen, Sonen og Anden; men
utanfor sit den vonde og bit seg i Fingrane; for no
hev han ingi Magt. Og gjenom Ord som Verdi ikkje
forstend klaarnar fram for den barnslege Hug Livsens
truskyldige Meining.
Du gamle kvite Hus. Eg rømde fraa deg som fraa
alt, og er no framand her som all Stad. Men det
stend Fred av deg. Yvi alt, alt legg du Fred.
Eg maa til Kyrkja ein Dag; mangt hev eg der aa
minnast.
VI.
Her kviler ho Mor. „Den som bliver troe intil
Enden skal blive Salig."
Ja du var tru til Enden. Aldri livde du deg sjølv.
Du tente i ditt Tempel som var ditt Hus, utan Knurr
og utan Krav alle ditt Livs Dagar. Og Sut og Saknad
var di Løn. Og ingin sagde deg Takk. Men dei som
tok di Teneste gløymde deg; ja dei som skyldte deg
Live gløymde deg. Stundom saag du paa oss og
undrast; og i stille Nætar grét du visst tidt. Men
du sagde ikkje noko, og arbeidde. No er du sæl,
for du kviler. Men me som gløymde deg minnest alt
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>