- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred. Læraren. Den burtkomne Faderen. Heimkomin Son /
345

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

345 DEN BURTKOMNE FADEREN



no. Og søkjer i einslege Stundir Gravi, og held vaar
Bøn her, framfyri ditt stille Minne.

Men Far, Stakkar. Han hev ingin Hovudstav. Og
sjølve Gravaren veit ikkje lenger kvar han ligg. Han
døydde i Rædsle og Sjælesott; og dei rettferdige heldt
Dom og sagde: han var ikkje som ein av oss, at han
skulde minnast.

Men han er her. Eg kjenner han. Det gjeng meg
som ei Kjøling gjenom Blode; eg er rædd men i
Rædsla roleg: han maa vise seg. Han maa kjenne
at eg er her, at eg ventar, at eg hev noko aa beda
han um.

Ja gjev han kom. So eg kunde faa segja han alt.
Og segja han at eg skynar alt. For eg kjenner hans
Angest; den skjelv no i min eigin Barm. Og eg veit,
at den som gjeng hans Veg, han hev havt sitt Helvite
fyriaat.

Farvel, Far. Kvil i Fred, framleides og æveleg. Og
tilgjev. For no er eg sjuk og aaleine som du.

VII.

Eg hev set meg ut ei Kraa paa Kyrkjegarden,
attunder Pilegjerde, ein Stad der det er Kveldsol og Livd
for Nordvesten. Og han Gunnar, Namnen min,
Gravaren, lovar at eg skal faa liggje der.

Han er ein aldrande Mann; og han liver millom dei
daude og talar ikkje. Men daa eg bad han um dette,
saag han paa meg og sagde eit Ord. „Du er ein
framtenkt Mann du," sagde han. Eg svara: „det vert
ikkje langt fram."

I solvarme Middagsstundir sit eg i den Kraai; og det
er som eg sat paa mi Heimetropp. For me braakar
og balar og vil vinne Verdi, men er til Slutt glade at
me hev denne vesle Flekken trygg.

Draumar, Vonir, Elsk, Lyst, det var Vette-ljos som

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0357.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free