- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred. Læraren. Den burtkomne Faderen. Heimkomin Son /
351

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

351 DEN BURTKOA1NE FADEREN



XII.

September var fin og eg kjende meg frisk; det eg
lengi hadde tenkt paa vart endeleg av: eg drog paa
Gjesting til Syster mi.

Ho er den einaste av mine Systken eg hev att.
Bror Paal høyrer ikkje denne Verdi til; og dei andre
er kvar paa sin Maate burtfarne. Næsteldste Syster
vaar ligg i Jordi; dei tvo yngste helsa for eit Par Aar
sidan paa meg i Vestheimen.

Til Amerika søkjer Ungdomen meir og meir. Som
ventande er. I sitt eigi Land fær han mindre og
mindre Rom; Norig er eit Embættsmanns-Beite og ligg
der livlaust og tiltaklaust.

Men eldste Syster vaar hadde endaa noko i seg av
det gamle Blod. Raade Land og styre Folk vilde ho;
so gifte ho seg med Gardmann og Lensmann Reidar
Bø nord i Fjordane, Storthingsmann sidan, og sit no
paa den gilde Bø-Garden i gode Kaar.

Dit kom eg og vart vel fagna. Syster mi saag paa
meg eit Bil fyrr ho kjende meg. Daa vart Augo
hennar vaate: „nei er det du, Gunnar!"

„Du var gild som kom," lagde ho til. „Me tok elles
til aa vente paa deg no; det hev spurst alt hit, at du
var komin." Og lengi vart me sitjande i Samtale um
gamalt og nytt. Vidt skilde Vegar hadde me fari;
finne einannan att var ikkje med ein Gong gjort.

Eg vart verande paa Bø fleire Dagar. Serina spurde
um eg ikkje kunde slaa meg til der; eg takka, men
sagde som sant var, at næst Heimgarden var
Heimbygdi meg best no. Det saag eg at ho skyna.

Reidar sjølv lika eg godt; det er ein greid Mann.
Ein kann faa Mod naar ein raakar slike; stundom, naar
han lagde ut for meg um den veksande politiske
Bonde-magt, tenkte eg: det kann vera meir Livsvon for dette
Folke enn ein trur so til Kvardags. Av dei Borni som
var heime kom eg serskilt godt til Lags med han Einar,

24 — Garborg. IV.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0363.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free