- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred. Læraren. Den burtkomne Faderen. Heimkomin Son /
352

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

352

DEN BURTKOA1NE FADEREN

ein litin tettbygd Femtanaaring, stillfarande og stød,
heilt-upp Arbeidskar alt; Namne gjorde vel sitt, veit eg.
„Det er Far vaar han heiter etter," sagde Mor hans;
„det er elles det gamle Namne, veit du: han
Langgod-far heitte Einar." Reidar smilte: „me fær halde oss
til vaare Namn som Jødane til sine," sagde han. „Og
Einar kann nok bli Jordbrukar," lagde Mor hans til;
„han likar seg alltid best, naar han fær vera med paa
Eng og Aaker." Guten svipar sterkt paa Morsfolke sitt;
serleg naar han smilte kom det fram noko i Andlite
hans som minte meg um han Far; Gong paa Gong maatte
eg minnast den gamle Folketrui at dei avfarne kjem
att i Namnane sine.

Naar Syster mi og eg var aaleine, rødde ho helst
um Hove og Barnedagane; eg skyna at ho syrgjer
Heimegarden meir enn eg, som Erving skulde vori.
Um Paal dømde ho mindre strengt enn eg hadde tenkt.
„Han Paal, Stakkar," sagde ho, „han hev visst ikkje so
lite av det som han Far drogst med." Og siste Dagen
spurde ho meg beint ut: „du tok vel Hove att, um
det laga seg so at du kunde faa det?"

Eg svara mitt. Ikkje arbeidsfør; ingin Erving; „hadde
eg endaa havt ein Son som han Einar her!" kom eg
reint uforvarande til aa segja.

Ho saag aalvorsamt paa meg. Svara so rolegt: „det
maa du nok tru eg hev tenkt paa." Og fyrr me
skildest hadde me lova kvarandre, at me skulde tenkje
paa dette. Kven veit um det endaa kunde laga seg
so, at Ætti fekk Ættegarden att? —

— Eg for heim att med so avtala. Men no skynar
eg, at det er Draum og vel aldri vert anna. Per Hove
hev nok av Ervingar. Og for den Ungdomen som no
veks upp er Jordi ikkje det som ho var for dei gamle.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0364.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free