- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred. Læraren. Den burtkomne Faderen. Heimkomin Son /
353

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

DEN BURTKOMNE FADEREN

353

XIII.

Haust-Kalden er komin og Regne driv. So sit eg
her innestengd; og Dagane vert lange.

Eg hev ikkje andre Bøkar aa føre lenger, og hev
teki til og vil føre Bok yvi mitt Liv. Men Sjukdomen
versnar, og eg er so uroleg.

Morgon og Kveld spyrr det i meg: „kva ligg du her
etter?

Du er kje meir heime her end annanstad, segjer
det. Kaldøygd glor Barneheimen paa deg. Kva vil du
her? Den som ein Gong hev rømt, finn aldri heim
att. Og lite hev du her aa minnast, anna enn Faavit
og Synd. Reis og gøym deg av ein Stad, der du aldri
hev vori!"

Men eg knurrar og svarar: eg vil ikkje.

Eg kjenner deg no, du Fredløyse som tyt og aldri
tegjer, og som alltid lyg. Eg fylgde deg lengi. Eg
flakka og flutte fraa Stad til Stad. Men all Stad var
det like eins. All Stad vart du leid deg.

Sist lokka du med Barneheimen. Her skulde vera
so godt. No er du alt leid. Men no kjenner eg deg.
Eg læt meg ikkje narre lenger.

Eg fær aldri Fred. Eg er sjølv denne Uro som aldri
stillnar. Lat meg daa lide mi Uro her so godt som
der. So sparar eg Flytjingi.

Eg var ein Framand og ein Pilgrim og hadde ingin
verande Stad. Aldri sette eg meg og sagde: her vil
eg sitja; aldri bygde eg og tenkte: her vil eg bu. Eg
var Son av ei Tid som hev gløymt kva Heim og Ro
er. Men er eg framand, so lat meg likso godt vera
framand heime.

XIV.

Lang feil Tidi.

Ufør sit eg her og høyrer og ser, at dei andre
arbeider. Daa verkjer Samvite og hev vondt. Eg er

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0365.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free