Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
354
DEN BURTKOA1NE FADEREN
trøytt men ikkje utlivd. Livskravi hev Tak i meg enno.
Eg kjenner deim som Rykk i saar Tonn. Det er vondt
aa vera gamall fyri Tidi.
Eg røder med Bestefar der nede, den gamle som
sit og hukrar frammed Omnen og kryp atti Horn. Men
han er for gamall. Han segjer det same uppatt kvar
Gong. Tri-fire smaae Kvardagsminne og fire-fem smaae
Kvardagssanningar er alt som er att av hans Liv og
hans Sjæl. Og han glyrer paa meg med Horn-augo
som ikkje ser lenger.
Eg stengjer mi Dør og legg i Omnen. Og sit med
ei Bok yvi Kne og lyder paa Vinden som fossar og
syg, og paa Regne som trafsar og siler. For dette
Regne er vaatare enn anna Regn, og tyngre. Det er
som Verdi gav seg yvi i Graat. Og Himilen er stengd
og svart som Hugen hjaa ein daarleg.
Boki glid ned, og eg tek ho ikkje upp att. Alt det
dei skriv og tenkjer ut er so skrint. Som Lyng um
Haust paa den magre Heid. Som Halm og Hakk mot
Live det grøne.
Eg vert sitjande og spinn Tankar som Kingelen sin
Vev. Men sjølv vert eg hangande i Veven. So vaknar
eg av Hjarta mitt, som rykkjer og riv. Daa tek eg
Boki upp. Kann ho kje vekkje Tankar, so hender det
at ho kann svæve deim.
Og eg sender ein Takk til deim som skriv Bøkar.
XV.
Gjev eg hadde ein aa beda til um Nætane.
For Natti er lang og myrk. Og naar eg ligg her
vakin og vrid meg under framand Manns Tak, er eg
rædd, for eg er aaleine.
Og Sjukdomen brenn og Hjarta skjelv. Og ute er
det stengt, og Vinden bryt, og Havskodde og Regndriv
piskar mot Glasi.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>