Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
356
DEN BURTKOA1NE FADEREN
Daa vilde me, naar alt ein Dag kom upp, tru at
her var noko høgt i Verdi.
Bror min blés for mykje paa Lur. Difor trur eg
han ikkje.
XVII.
Føre Bok yvi mitt Liv skulde eg, og finne Lærdom
og Lov og Samanheng.
Men um det er Sjukdom eller Alders Visdom: det
meste kjem under Tap. Og Resten under Debet.
Og lite Hugnad hev eg av Rekneskapen min.
Alt ser annarleis ut etterpaa. Det som var mi
Vinning i Verdi synest no Faafengd. Og det som var
mi Trøyst og min Trøyskap, det rengjer seg og er
ikkje Trøyskap.
Det er Trollskap, som grin til meg og gjer Trut.
Men det som eg mindre brydde meg um, ja kasta fraa
meg og sagde: det er Faafengd og Gagnløyse og lite
Vit, det vil heller no synast minneverdt.
Er det Domedag i meg? Maa eg sitja her og døme
meg sjølv? Strenge Domar, gløym ikkje dei orsakande
Umstende!
Hardt var det aa liva paa Jordi. Dei traakkar og
trampar ned og knear seg fram yvi Lik; og eit
Stein-hjarta maa den hava, og Staalknokar, som skal fri seg og
halde seg ovanpaa. Eg røynde det i vonde Aar. Og
enno hev eg Blodflekkir etter det paa Sjæli.
Eg var hard. I Nedgangsskulen hadde eg vori og
herdt meg. Hjaa Trollmennane var eg, dei som reknar
ut Verdi og fær Jarn til aa fljote og sigler med
sjølvgjord Bør og talar tvers yvi Have; deira Visdom
lærde eg; og eg vart hard. Men det var dyrt; Sæla
tok dei av meg for Visdomen sin; og daa eg hadde
lært Livslovi: Magti raar, kom Gud burt for meg.
Og det slokna i meg og kolna; og Verdi vart som eit
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>