Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
DEN BURTKOMNE FADEREN
357
tomt Hus der ingin bur. Men eg lo og kjende meg
fri; og sidan trampa eg ned ikring meg som dei andre.
Og eg var hjaa Trollheksine, dei som kverver Syn
og vender Hug, og tryller Folk og syg Sjæli or deim
i blodige Nætar. For i Hugen min brann det av Uro
og heit Lyst som eit Helvite; og Verdi var tom; og eg
maatte røyne Live til Botnen og til Bermen. Og alt
det dei visste og kunde av Ørske og Trollsæle lærde
dei meg. Det var dyrt. Det kosta meg min Ungdom.
Og daa eg gjekk fraa deim, saag eg at dei var hole,
og at dei ikkje hadde Hjarta i seg. Sidan var alle
hole i Ryggen for mine Augo, og der var ikkje
Kjærleik og ikkje Tru. Daa vart eg hard til Grunnen og
hjartelaus. Og eg lét henne gaa som eg hadde elska,
ho den truskyldige som venta paa meg; og eg gifte
meg med Gull, og laante ut Gulle mitt for Rentur,
som — men eg veit den som tok endaa større Rentur
og no sit i Legislaturen. —
Men ho som hadde fylgt Gulle heldt av meg; og
som Aari gjekk, veikna Trolldomen. Daa hadde ho
lært av meg. Og ho vart ei Trollheks som dei andre
og flaug fraa meg. Men den som ho flaug burt med
var min siste Vén, den trulause som eg hatar æveleg.
Daa kom det upp at eg hadde mjukna. Eg var ikkje
Stein og ikkje Staal. Sjuk vart eg, og ør, og misste
Svevnen, og gamalt vondt braut upp; og hadde eg
trampa andre fyrr, trampa andre no meg; og snart laag
eg nedbrötin og arm, og hadde ingin Ting att for all
mi Møde. Daa sagde eg: sandeleg, det eg fyrr kasta
fraa meg var Live.
Men det ein kastar fraa seg finn ein aldri att. Og
litin Hugnad hev eg av min Rekneskap.
XVIII.
Furtin er ikkje Bror min. Rett som det er ser han her inn,
og er som det aldri skulde ha falli eit Ord imillom oss.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>