- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred. Læraren. Den burtkomne Faderen. Heimkomin Son /
366

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

366

DEN BURTKOA1NE FADEREN

vond Natt tok fram mine sterke Dropar, dei eg hadde
gøymt som ei Berging og ein Utveg fraa mi verste Tid,
daa kunde eg ikkje med all mi Magt faa meg til aa
taka deim. Eg var ikkje rædd Dauden. Eg kunde
berre ikkje sleppe Live. Dette utslitne Live, eg held
paa det som ein Skatt. Eg klengjer meg til det som
Barn til Mor. Mot min eigin Vilje. Kven skynar sovori.

Dei nøydde Live paa meg; var det for mi Skuld?
Var det ei Gaave eg fekk? Ei Gaave so gjæv, at
endaa naar ho er burtøydd og inkje meir tess, er ho
gjævare enn Verdi?

Er her noko som er gjævare enn Verdi ? Og det
hev eg aatt og øydt burt? Er det det som gjer deg
so uroleg, du Hjarta der inne? Ræddast du for ein
Rekneskap? Tenkjer du paa den late Tenaren, som
grov ned sitt Pund og sumla burt si Tid; og daa Dagen
kom, hadde han kje vunni nokon Ting, men vart
jamvel fraa-tekin det som han hadde fengi?

XXV.

Um Sumaren er eg ute det eg kann. Gjeng og rek;
ser inn-um her og der; finn ikkje so faae som eg
kjenner. Og mangt gamalt er der aa minnast, og
mangt nytt aa undrast paa. Men no er me ferduge
for i Aar. Vinteren tek til; Jordi døyr; sval og rein
legg Snøen seg ned yvi alt og løyner alt, Aaker og
Urd, Stuve og Stein, Rusk og Avfall og altslag. Og
alt vert vent; og alt fær Ro.

Ja kom, Vinter, med di svale Ro og di reine Luft;
kom med ditt kvite Lakan. Kom og breid ned alt
Avfall og alt Rusk. Meg med, du reine Vinter! —

„Døy er inginting. Me gjer oss for store Tankar
um det som um det meste i Verdi. Me kjem til aa
tenkje med oss sjølve daa som so tidt: aa, var det
kje anna.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0378.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free